Hopp til innhold

Waterproof kan snart stå under vatn

Det er framleis ingen teikn på at Mississippi-elva vil roe seg. For å redde New Orleans, vurderar no styresmaktene å omdirigere elva mot bønder og fiskarar, mellom anna i byen Waterproof.

WEATHER-FLOODING/

Den vesle byen Waterproof i Louisiana kan bli ofra om styresmaktene vel å verne om New Orleans.

Foto: ERIC THAYER / Reuters

Flaumen, som allereie har kravd store øydeleggingar, viser få teikn til å minske. Etter at statane Tennessee og Mississippi har vore hardt råka, er det no i Louisiana det er mest kritisk.

Ofrar landsbygda

WEATHER-FLOODING/

Dei gjer det dei kan for å minimere konsekvensane av flaumen, som er den største sidan 1927.

Foto: ERIC THAYER / Reuters

I eit forsøk på å verne om dei to større byane, Baton Rouge og New Orleans, vurderer no styresmaktene å heller ofre eit område større enn 50 000 fotballbanar.

I helga vil amerikanske styresmakter avgjere lagnaden til innbyggjarane. Ved å lyfte opp dika vil dei dirigere dei gigantiske vassmengdene vekk frå dei største byane, og innover sumplandskapet.

25 000 menneske som bur i området, som er dominert av små garder, fiskeoppdrett og krepsfiske, pakkar no saman sakene sine i frykt for heimen sin, og ein livsstil som snart kan gå tapt.

(artikkelen held fram under videoen)

Video f21e269a-1b26-450e-a1c7-06a6681ff368.jpg

Flaumen i sørstatene kan få store konsekvensar. Her frå statane Mississippi og Louisiana.

Trasser flaumen

Dika som vernar om området vart bygd på 1950-talet for å styre Mississippi-elva gjennom New Orleans, ei av verdas travlaste hamnar.

Førre gong dika røyk var i 1973. Amerikanaren Maxim Doucet vart fødd det året, og familien hans var blant dei få som blei verande igjen i heimbyen Butte LaRose. Han har ingen planar om å flykte frå byen denne gongen heller.

Doucet har satt i gang eit team for å byggje eit to meter høgt gjerde rundt huset sitt.

– Eg skal gi Moder Jord ei skikkeleg utfordring. Pengar er ikkje eit tema når du prøver å redde huset ditt, seier Doucet til Huffington Post.

Louisianas guvernør Bobby Jindal

TRENG HJELP: Louisiana-guvernør Bobby Jindal ber om bistand.

Foto: SEAN GARDNER / REUTERS

Ber om føderal hjelp

Guvernøren i Louisiana, Bobby Jindal, har spurt landbruksministeren i USA om å erklære dei utsette områda for katastrofeområde.

– Me har ikkje tid til å vente på føderal hjelp. Det er kritisk at folk i Louisiana no blir førebudd til å verne om familiane og heimane sine. Me tar aggressive grep for å hjelpe dei, sa Jindal i går.

Vassflaumen i Mississippi-elva er no på 430 000 kubikkmeter per sekund. Når nivået når 460 000 kubikkmeter, må styresmaktene bestemme om dei kjem til å opne dika. Dette er venta å skje på laurdag.

Mississippi-flaumen er den største sidan 1927. Årsaka til flaumen er kombinasjonen av ein svært snørik vinter og ein uvanleg regnfull vår.

Ekspertar reknar ikkje med at flaumen vil nå toppen før godt ut i neste veke.

US-LOUISIANA-OP

Om ikkje styresmaktene gjer noko, kan nokre av distrikta i New Orleans bli overfløymd.

Foto: MARIO TAMA / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt