Hopp til innhold

- Castro-brødrene må la dei unge sleppa til

Etter meir enn 50 år med Castro-brørne i førarsetet, kan det snart vera duka for leiarskifte på Cuba. Det er på tide at yngre generasjonar med nye idear tek over, meiner ein revolusjonskommandør.

Partikongress på Cuba

Foreininga av unge kommunistar (UJC) har måla propaganda på murveggar rundt om i den cubanske hovudstaden i forkant av Kommunistpartiet sin partikongress. Ungdommen i landet ivrar etter å nå fram i politikken, og lovar å vera trufaste mot revolusjons-generasjonen.

Foto: DESMOND BOYLAN / Reuters

Djuptgåande endring på både økonomisk, politisk og sosialt plan skal diskuterast når Det Cubanske Kommunistpartiet held sitt første årsmøte på 14 år denne helga.

Partikongressen opna laurdag og vert omtalt som den viktigaste politiske hendinga sidan den karibiske øya innførte eit kommunistisk styresett etter sovjetisk modell i 1975.

Kven tek over?

Møtet kan markera byrjinga på slutten for regimet som har styrt Cuba sidan revolusjonen i 1959.

Det er venta at det etterkvart svært så gråhåra leiarskapet vil leggja fram ein overgansplan med framlegg til potensielle etterfølgjarar som kan ta over stafettpinnen etter Castro-brørne.

Blant mange cubanarar er optimismen stor, men ikkje alle har dei store forhåpningane til det ekstraordinære møtet.

– Her finst mange unge folk fulle av idear og interessante innfallsvinklar til ulike problem og utfordringar i samfunnet, men dei slepp ikkje til, seier Eloy Gutierrez Menoyo til Reuters.

(Artikkelen held fram etter biletet)

Fidel Castro og andre revolusjonskommandørar

Den tidlegare revolusjonskommmandøren Eloy Gutierrez Menoyo (midten) har sete 22 år i fengsel for å krevja demokrati på Cuba. Her er han saman med Fidel Castro (t.v.) frå den gongen dei framleis stod på 'same side'.

Foto: Reuters

– Diktaturet held fram

Gutierrez Menoyo kjempa side om side med Fidel og Raúl Castro under den Cubanske Revolusjonen. Han vart i ettertid stempla som opposisjonell og straffa med 22 år i fengsel.

No er han leiar for den politiske rørsla «Cuban Change», og framleis sterkt kritisk til det «mafiaorganiserte maktmonopolet som Castro-brørne tviheld på».

– Dei ønskjer å halda fram med diktaturet ved å rekruttera frå eigne rekkjer i partiet. Og dette er eit diktatur som i over 50 år har vist at det ikkje fungerer og at det trengs endringar over heile fjøla, seier Gutierrez Menoyo.

(Artikkelen held fram etter biletet)

Cuba

'50 år og me held fram for evig og alltid' står det på ein murvegg i Havanna sentrum.

Foto: Reuters

Tikk takk

Den Cubanske revolusjonen tok slutt den 1.januar 1959 då den USA-støtta diktatoren Fulgencio Batista flykta frå øystaten og etterlét seg eit maktvakum som Fidel Castro raskt stod klar til å fylla.

Den i dag 84 år gamle Fidel gav i 2006 frå seg makta til sin yngre bror Raúl på grunn av skrantande helse. Sidan Raúl formelt tok over makta i 2008 har han pressa på for økonomiske reformar av den planstyrte sovjet-modellen.

Han har også erkjent at tida er i ferd med å renna ut for han og og resten av den politiske toppleiinga, der mange er avdanka geriljasoldatar frå den same nostalgiske revolusjons-generasjonen.

– Den sjette partikongressen bør bli den siste for mange av oss som høyrer til den historiske revolusjonsgenerasjonen. Tida me har att er lita, oppgåva framfor oss er enorm, sa Raúl Castro for tre år tilbake.

(Artikkelen held fram etter biletet)

Fidel Castro og Raul Castro

Castro-brørne: Fidel (t.v.) og Raúl (t.h.).

Foto: ADALBERTO ROQUE / AFP

– Me står klare til å ta over

Visepresident i den amerikanske tenketanken Lexington Institute, Philip Peters, seier til Reuters at Kommunistpartiet har teke nokre unge medlemmer under vengene, men at eit generasjonsskifte truleg ikkje vil skje med det første.

– Den gjennomsnittlege statsråden er rundt 50 år gammal, så til desse høge verva er det teke inn folk frå ein yngre generasjon. Men ingen har førebels utposisjonert seg som ein ny, karismatisk leiartype. Spørsmålet om kven som skal fylla Castro sine sko er framleis ubesvart, seier Peters.

EDUARDO DIAZ COLLAZO

Eduardo Díaz Collazo (25) seier at cubansk ungdom ikkje kjem til å skuffa Castro-generasjonen dersom dei får større innverknad på politikken i landet.

Foto: Reuters

Den 25-år gamle cubanaren Eduardo Díaz Collazo meiner at hans generasjon står klar til å fylla skoa.

– Unge cubanarar vil halda seg på den stien som dei før oss har meisla ut, fordi me har tilbrakt heile vår oppvekst under deira styresett. Når tida er inne, vil me vera godt budde til å ta over. Me er klare for det, seier Díaz Collazo til Reuters.

SISTE NYTT

Siste nytt