Hopp til innhold

Yara-pengar kan ha gått til Gaddafi

Yara kan ikkje utelukka at pengar frå deira investeringar i Libya har gått til Gaddafi-regimet.

Video Yara kan ha brutt loven i Libya

Yara-sjef Jørgen Ole Haslestad seier granskinga av investeringar i Libya ville ha kome opp uavhengig av krigen.

Foto: Nyhetsspiller

– Det er det me no ønskjer å få klarheit i. Alt eg kan sei er at det har kome opp eit par signal på at ting er blitt gjort som ikkje burde vore gjort, seier konsernsjef i Yara, Jørgen Ole Haslestad, til NRK.

I ettermiddag opplyste det verdsleiande norske gjødselselskapet om at det vil setja i gang ei ekstern gransking av sine investeringar i Libya.

Gjødsel-samarbeid i Libya

Ein ekstern advokat er engasjert, og Økokrim er varsla. Bakgrunnen er ein mistanke om at det kan ha skjedd straffbare handlingar i samband med investeringar i det norsk-libyske samarbeidsselskapet Libyan Norwegian Fertilizer Company (Lifeco). Yara eig 50 prosent av selskapet.

Haslestad vil onsdag kveld ikkje gå i detalj om kva mistanken dreier seg om, eller kor store summar som kan ha hamna i feil hender.

– Det ville vore feil av meg å brodert ut om saka på noverande tidspunkt, medan den vert etterforska, seier han.

– Utbetalingar til tredjepart

Yara-sjefen avslører likevel at det gjeld investeringar som er gjort i Libya i 2008.

Samstundes opplyser investorkontakt i Yara, Torgeir Kvidal, til E24 at mistanken er knytt til pengeutbetalingar til tredjepartar før det libyske samarbeidsselskapet blei etablert i 2008.

– Sommaren 2008 stoppa me ei pengeutbetaling til ein tredjepart. No har me mistanke om at det kan ha blitt utført utbetalingar i forkant av dette, seier Kvidal til E24.

– Ikkje på grunn av krigen

At varslinga kjem no når heile verda følgjer det nordafrikanske landet med argusauge på grunn av krigen, er heilt tilfeldig, seier konsernsjefen.

– Eg bad om ein fullstendig gjennomgang av alle samarbeidsavtalar då eg kom inn som konsernsjef i Yara i 2008. Det var utelukkande som ein rutinesjekk og ikkje basert på konkrete mistankar.

Hasestad seier dei ville ha varsla om saka uavhengig av konflikten i Libya.

– Me tok avgjersla om å setja i verk gransking for tre veker sidan. Ballen ville ha rulla uavhengig av det som no går føre seg i Libya.

Yara vil no også gå gjennom alle andre samarbeidsavtalar dei har rundt om i verda.

Sikrar databevis

Jan Fougner

Yara har engasjert advokat Jan Fougner til å granska mistanken om lovbrot i samarbeidsselskapet Lifeco.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Det er den kjende granskaren og advokaten Jan Fougner som skal gjennomføra den eksterne og uavhengige granskinga av det potensielle lovbrotet i Libya.

Fougner opplyser til NRK at arbeidet med å sikra databevis og fysiske bevis allereie er i gang.

– Det neste som skjer no er at eg orienterer meg om ulike selskap og personar som er involverte. Deretter vil eg setja i gang med intervju, seier advokaten.

– Må vera opne for fleire lovbrot

Også han er ordknapp om detaljane i saka. Kva som har skjedd og kor store summar det er snakk om, er spørsmål som no skal under lupa.

– Dette er sentrale og viktige spørsmål som me må finna ut av, seier Fougner som ikkje kan utelukka at det dukkar opp fleire straffbare forhold i løpet av granskinga.

– Granskinga må vera innretta på ein slik måte at metodane er eigna til å oppdaga alt som skulle finnast av brot på reglane. Ein må alltid vera open for at det kan vera meir. Men det er viktig å understreka at på noverande tidspunkt har me ingen andre mistankar, fortel Fougner.

Økokrim ser på saka

Økokrim stadfestar overfor NTB at dei har motteke informasjon frå Yara som gjeld moglege straffbare handlingar. Økokrim vil no sjå nærmare på Yara sine opplysningar

– Me har motteke informasjon frå selskapet som me no skal vurdera. Deretter må me ta stilling til om det er grunn til å sjå nærmare på denne saka. Der har me ikkje teke stilling til per i dag, seier leiar for korrupsjonsteamet i Økokrim, førstestatsadvokat Marianne Djupesland, til NTB.

SISTE NYTT

Siste nytt