Hopp til innhold

Gbagbo plassert i husarrest

Tidlegare president i Elfenbeinskysten, Laurent Gbagbo, er sett i husarrest, opplyser justisministeren i landet.

Gbagbo pågrepet

Tidlegare president i Elfenbeinskysten, Laurent Gbagbo, er sett i husarrest.

Foto: HO / Afp

Ouattara poserar saman med den militære leiinga

Den nye presidenten, Alassane Ouattara, poserar saman med den militære leiinga.

Foto: Aristide Bodegla / Afp
Oattaras styrker i Elfenbenskysten

Månader med uro og kampar kan no vere over.

Foto: STAFF / Reuters

– Gbagbo og nokre av medarbeidarane er sette i husarrest medan ein ventar på etterforskinga, seier justisminister Jeannot Ahoussou-Kouadio ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Det er ikkje kome opplysningar om kvar han er flytta etter at han vart pågripen i presidentbustaden i Abidjan måndag.

Han vart ført til Hotel Golf, der den nye presidenten Alassane Ouattara har hatt sitt hovudkvarter, etter pågripinga. I går opplyste FN at Gbagbo framleis var på dette hotellet.

Månader med uro

Gbagbo vart pågripen etter ein periode med harde kampar og uro i landet etter at han tapte presidentvalet mot Ouattara i november i fjor, men avviste resultatet og nekta å gå av.

USA-president Barack Obama ringde tysdag kveld til Ouattara for å gratulere han med å ha teke over makta i Elfenbeinskysten.

Obama sa, ifølgje ei pressemelding frå Det kvite hus, at USA vil støtte han i arbeidet for å oppnå politisk forsoning, økonomisk utvikling og tryggleik i Elfenbeinskysten.

Politisk samarbeid

EU oppfordrar samtidig Ouattara om å danne ei samlingsregjering i landet for å unngå ei politisk splitting.

I fråsegna frå EU heiter det at dei stiller seg bak initiativet for politisk forsoning, og at dei støttar forslaget om å setje ned ein nasjonal sannings- og forsoningskommisjon.

Dei oppfordrar samtidig Ouattara til å danne ei regjering som er brei og inkluderande, der alle regionar og politiske leirar er representerte.

Folk i Ange jublar for Ouattara

Folk i Ange jublar for Ouattara.

Foto: ISSOUF SANOGO / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt