Hopp til innhold

Bombealarm etter skytedrama

Nederlandsk bombepoliti undersøkte laurdag ettermiddag ein bil utanfor kjøpesenteret der ein skytedesperado drap seks personar før han tok sitt eige liv.

NETHERLANDS-CRIME-SHOOTING

Bombeekspertar granskar ein svart Mercedes som står parkert utanfor Ridderhof kjøpesenteret i Alphen aan den Rijn.

Foto: Koen van Weel / Afp

Nederlandsk fjernsyn viste nyleg ei gruppe med bombeekspertar utanfor kjøpesenteret i Alphen aan den Rijn, der ein mann tidlegare i dag gjekk amok med eit automatvåpen.

Ifølgje nyheitsbyrået AP var bombepolitiet på staden for å undersøka ein svart Mercedes som dei trur tilhøyrte gjerningsmannen.

Det er førebels uvisst om det er funne sprengstoff i bilen.

(Saka held fram under videoen)

Video Born blant ofra i nederlandsk skytedrama

Ambulansane har i dag gått i skytteltrafikk mellom Ridderhof kjøpesenter og sjukehuset i Alphen aan den Rijn.

Fann brev

Politiet har derimot funne eit brev frå gjerningsmannen inne i Mercedesen, ifølgje den nederlandske nettavisa Algemeen Dagblad.

Innhaldet i lappen er ukjent, men beskjeden har fått nederlandsk politi til å evakuera fleire andre kjøpesenter i frykt for at det skal vera plassert ut bomber.

Ifølgje borgarmeister Bas Eenhorn er det ikkje snakk om konkrete trugsmål mot dei tre kjøpesentra som no er stengde av.

– Men me tek ingen risiko. Det er snakk om ein potensiell fare, sa Eenhoorn på ein pressekonferanse i dag.

– Låg døde folk på golvet

Det blei først rapportert om seks drepne etter skyteepisoden. I kveld har dødstalet stige til sju, etter at nok ein person døde på sjukehus. I tillegg skal 15 personar vera alvorleg skadde.

Eit augevitne seier til nyheitsyrået AP at ho var inne på eit apotek og handla då ho høyrte smell og skrekkslagne kundar gøymte seg bak hyllene.

– Me låste døra og heldt oss inne i lokalet fram til lyden av skota blei svakare. Då me opna opp og kikka ut, såg me to døde menneske liggande på golvet like ved inngangen. Så kom drapsmannen tilbake, så me sprang inn på apoteket igjen og låste døra, fortel den 41 år gamle Martine Spruit.

Ifølgje borgarmeisteren i byen, som ligg fire mil vest for Amsterdam sentrum, er det born blant ofra.

(Saka held fram under biletet)

Sørgjande etter skyteepisode i Nederland

Overlevande trøystar kvarandre etter det rystande skytedramaet i Alphen aan den Rijn.

Foto: VALERIE KUYPERS / Afp

Saumfarte huset

Ifølgje statsadvokaten Kitty Nooy har politiet i kveld saumfart huset til drapsmannen. Ho avviser spekulasjonar om at han var ein tidlegare soldat.

Gjerningsmannen var ein ung, nederlandsk statsborgar med kriminelt rulleblad. Han slo til mot Ridderhof kjøpesenter midt i laurdagsrushet, då kjøpesenteret var fullstappa med familiar på helgehandel.

Bombeekspertar undersøker bil nær lik

Spesialetterforskarar saumfer ein sølvgrå Hyundai som stod parkert i nærleiken av der det eine liket vart funne.

Foto: Koen van Weel / Afp

Eitt av lika vart funne ute på parkeringsplassen som høyrer til kjøpesenteret. Bombeekspertane har undersøkt ein sølvgrå Hyundai som stod parkert like ved den drepne.

Dronning Beatrix og statsminister Mark Rutte skriv i ei offisiell kunngjering at dei er sjokkerte over det som har skjedd, og sender si djupaste medkjensle til ofra sine familiar og vener.

SISTE NYTT

Siste nytt