Hopp til innhold

800 drepne i ivoransk by

Minst 800 menneske, mange av dei sivile, vart drepne i kampen om den vestlege byen Duekoue i Elfenbeinskysten sist tysdag, melder Det internasjonale Røde Kors.

Ouattara-soldatar i Duekoue i Elfenbeinskysten.

Ouattara-soldatar i den strategisk viktige byen Duekoue.

Foto: ZOOM DOSSO / Afp

Styrkane til Alassane Ouattara, som er internasjonalt godkjend som vinnar av presidentvalet i landet i fjor, har innteke by etter by i Elfenbeinskysten den siste veka. No har styrkane også innteke den største og viktigaste byen Abidjan, og i natt har det vore harde kampar i byen.

– Sjokkerande

Eit øydelagt hus i Duekoue i Elfenbeinskysten.

Mange hus vart øydelagde under kamphandlingane i Duekoue.

Foto: ZOOM DOSSO / Afp

Den sitjande presienten Laurent Gbabgo meiner han er den rettmessige vinnaren av presidentvalet, og han har nekta å trekkje seg. Han meiner at Ouattara-leiren har stått bak omfattande valfusk.

Han skal ha flykta frå bustaden sin i Abidjan, men ingen veit kvar han oppheld seg. Ein talsmann seier at han framleis er i Abidjan.

Blant dei rundt 800 drepne i Duekoue er det mange sivile, og sjefen for Det internasjonale Røde Kors i Elfenbeinskysten, Dominique Liengme, seier at hendingane i byen er sjokkerande ut frå både omfanget og graden av brutalitet.

Han fortel at fleire tusen kvinner og born er på flukt i området, og mange av dei har søkt tilflukt i ein katolsk misjonsstasjon i byen.

Samtidig seier ein av Oattaras talsmenn i kveld at ingen sivile blei drepne, kun militære styrker.

(Saken fortsetter under videoen)

Video Støttesang for Laurent Gbagbo på statlig TV i Elfenbenskysten

Presset mot Laurent Gbagbo øker, men på statlig TV i Elfenbenskysten har denne sangen blitt spilt til støtte for den sittende presidenten. Sangen er kritisk til FN og Frankrike, og Gbagbo-tilhengerne blir oppfordret til å kjempe videre.

– Etnisk motivert

– Ein prest på stasjonen har mange av dei ikkje har fått mat på fleire dagar, og at det er desperat behov for 80.000 matrasjonar og kjøkkenutstyr. seier talskvinne for Den internasjonale migrasjonsorganisasjonen, Jemini Pandya.

Det internasjonale Røde Kors meiner valdsbruken i Duekoue ber preg å ha vore etnisk motivert.

USA, Frankrike, FN-sjefen Ban Ki-moon og Den afrikanske Unionen AU bad i går innstendig president Laurent Gbagbo om å trekkje seg for å unngå meir blodsutgyting.

Video Relativt folketomt i Abidjans gater

KLIKK FOR Å SE VIDEO: Det er nærmest folketomt i deler av Abidjan som følge av uroen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt