Hopp til innhold

5000 fangar sette fri i Abidjan

Konflikten i Elfenbeinskysten tilspissar seg kraftig. Outtara-tilhengarar har torsdag sett fri fleire tusen fangar frå det største fengselet i landet.

Elfenbeinskysten, Abidjan

Gbagbo-lojale soldatar patruljerer gatene i Abidjan. Torsdag ettermiddag skal Outtara-tilhengarane ha innteke byen.

Foto: ISSOUF SANOGO / Afp

Maca-fenselet i byen Abidjan er det største fengselet i Elfenbeinskysten. Om lag 5000 personar sat innesperra bak murane, då tilhengarane til den internasjonalt anerkjende presidenten Alassane Outtara gjekk til væpna åtak mot fengselsvaktane.

Ifølgje Reuters er alle dei 5000 fangane no på frifot.

– Me berre sprang

– Eg kom meg ut av fengselet i dag tidleg, saman med resten av fangane, seier ein av fangane som vart sett fri, Charly Gnahore til nyheitsbyrået AFP.

Gnahore er journalist med tilknyting til ein fjernsynsstasjon som sympatiserer med Outtara. Han fortel at dei innsette var innelåste i fengselscellene sine då dei høyrde skotveksling på utsida.

– Skytinga heldt fram ein halvtimes tid, før den blei erstatta med jubelrop. Me gjekk ned og såg at fengselsportane var opne. Me stilte ingen spørsmål, me berre sprang, seier Gnahore.

Éin million på flukt

Situasjonen i Elfenbeinskysten har vore svært uroleg etter presidentvalet i november i fjor. Outtara er peikt ut av verdssamfunnet som den rettmessige vinnaren av eit presidentval som var sterkt prega av fusk.

Gbagbo nektar likevel å gå av, og landet har dei siste månadene vore på randen av borgarkrig.

Ifølgje Raudekrossen er om lag 500 menneske drepne i konflikten. Over éin million menneske har flykta frå Abidjan, den viktigaste byen i landet.

På flukt frå Abidjan

Uroa som har prega Elfenbeinskysten sidan presidentvalet i november er i ferd med å innta Abidjan. Éin million menneske har flykta frå storbyen.

Foto: LUC GNAGO / Reuters

– Byt side

Torsdag kjem det meldingar om at store Outtara-troppar er i ferd med å ta seg inn i den viktigaste byen i landet, Abidjan. AFP-journalistar på staden fortel om kraftige skotvekslingar i nærleiken av viktige militærleirar.

I eit fjernsynsintervju oppmoda Outtara dei Gbagbo-lojale styrkane om å byta side og slutta seg til troppane hans:

– Eg ber dykk om å tena fedrelandet. Det er på tide å slutta seg til brørne dykkar i dei Republikanske Styrkane.

Forsvarssjefen flykta

Den siste veka har dei innleidd ein stor-offensiv mot Gbagbo, og den eine byen etter den andre har kome under Outtara sin kontroll.

I går tok tilhengarane hans den administrative hovudstaden Yamoussoukro, som ligg sentralt i landet.

Samstundes melder utanriksdepartementet i Sør-Afrika om at forsvarssjefen til Laurent Gbagbos forsvarssjef har søkt tilflukt i den sørafrikanske ambassaden.

SISTE NYTT

Siste nytt