17 drepne i russisk flyangrep

Russiske spesialsoldatar på patrulje i Ingusjetia tidlegare i år.
Foto: KAZBEK BASAYEV/ReutersRussiske fly og bakkestyrkar har drepe 17 opprørarar i Ingusjetia i det nordlege Kaukasus. Opprørarane planla sjølvmordsaksjonar, melder russiske styresmakter.
Publisert 28.03.2011 17:14. Oppdatert 28.03.2011 19:43.
- Skriv ut
Det nasjonale antiterrorrådet i Russland opplyser at russiske styrkar gjekk til aksjon mot ein treningsleir for komande sjølvmordsaksjonistar. Angrepet vart gjennomført med uvanleg presisjon, heiter det.
Tre russiske soldatar vart også drepne i aksjonen.
Domodedovo-angrepet

Doku Umarov er hovudmistenkt for å ha planlagt angrepet på Domodedovo-flyplassen, men det er uklart om han var i leiren som vart angripen i dag.
Foto: HO/AFPOperasjonen vart planlagd av innanriks- og forsvarsdepartementet som del av ei breiare etterforsking av sjølvmordsaksjonen mot Domodedovo-flyplassen i Moskva i januar, heiter det vidare i meldinga frå antiterrorrådet.
Det er svært uvanleg at dei russiske spesialstyrkane brukar fly i sine operasjonar i Kaukasus.
Det heiter vidare i meldinga:
- Førebels informasjon går ut på at 17 bandittar er drepne. og at to som var med på å planleggje terroraksjonen mot Domodedovo-flyplassen er pågripne.
Meldinga frå antiterrorrådet er ikkje stadfesta av uavhengige kjelder.
LES OGSÅ: - Tre søsken bak Moskva-terror
Islamsk stat
37 menneske vart drepne i sjølvmordsangrepet mot Domodedovo-flyplassen 24. januar i år
Ingusjetia er naborepublikken til Tsjetsjenia, der Russland har utkjempa to krigar mot separatistar sidan 1994.
Dei islamistiske opprørarane i Tsjetsjenia og naborepublikkane har som mål å etablere ein islamsk stat i Kaukasus.
Russland
- Russland vil vurdere Snowden-asyl
- Derfor støtter Russland Assad
- Frykter ny atomkatastrofe
- «Svart enkje» sprengde seg sjølv
- Spionanklaget har forlatt Moskva
- – CIA-agent arrestert i Moskva
- Alvorlig lekkasje ved romstasjon
- Nye protester mot Putin i Moskva
- 38 omkom i sykehus-brann
- Putin vil terror-samarbeide med USA
- Navalnij tvitrer fra rettssalen
Nyheter fra verden
Arrestert ordførar trekker seg - Våpenlager eksploderte i Russland
- Skolebomber får livsvarig fengsel
- Tyrkia vil regulere sosiale medier
- – Vi blir aldri helt enige om Syria
- Assange ett år i ambassade-asyl
- Snowden ba om hjelp til Island-asyl
- Hemmelige talibanmøter i Norge
- FBI: Avverget 50 terroranslag
- G8-tiltak mot gissel-industri




