Hopp til innhold

TEPCO-sjef på unnskyld-turné

Nestsjefen for det jordskjelvskadde kraftverket i Fukushima seier personleg unnskyld til dei som måtte evakuere frå heimane sine etter jordskjelvet.

Nestsjefen i Tepco, Norio Tsuzumi

Visepresidenten i TEPCO, Norio Tsuzumi, seier unnskyld til dei som måtte evakuere frå heimane sine etter jordskjelvet.

Foto: YOMIURI SHIMBUN / Afp

350.000 menneske er evakuerte frå områda rundt Fukushima-kraftverket på grunn av faren for radioaktiv stråling skal spreie seg frå dei jordskjelv- og tsunamiskadde reaktorane.

Fukushima-kraftverket

Store mannskap er i sving for å hindre radioaktive utslepp frå Fukushima-kraftverket.

Foto: Ap
Guvernør i Fukushima-distriktet Yuhei Sato

Guvernør i Fukushima-distriktet, Yuhei Sato, nektar å møte TEPCO-leiinga.

Foto: Wally Santana / Ap

– Eg beklagar djupt at selskapet mitt har påført innbyggjarane i områda rundt kraftverket angst og ulemper, seier visepresident Norio Tsuzumi ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Det er første gong leiinga frå TEPCO er på besøk. Tsuzumi seier besøket vart utsett fordi han i samarbeid med regjeringa var oppteken med å prøve å unngå ei kjernefysisk nedsmelting ved Fukushima-kraftverket.

– Eg seier unnskyld for dette også, av heile mitt hjarte, seier han.

Nektar å godta

Tsuzumi lovar at han blir verande i Fukushima-området medan ingeniørar, brannvesen og militære kjempar ein desperat kamp for å halde kontroll over kjernekraftverket.

Men eit unnskyld er ikkje nok for guvernøren i Fukushima-distriktet, Yuhei Sato. Han har nekta å møte TEPCO-leiinga.

– Når vi ser på kor mykje angst, sinne og irritasjon folket i Fukushima no opplever, er det ingen måte eg kan akseptere deira orsiking, seier han til TV-kanalen NHK.

Amper stemning

Dei evakuerte manglar både mat og vatn, og folk er lite imponerte over måten dei blir behandla.

Ifølgje avisa Sankei Shimbun daily har stemninga ved nokre evakueringssenter vore så amper at TEPCO-leiinga ikkje kunne gå inn.

Der dei kom inn, vart dei møtte med håp om at krisa snart skal vere over. Ein eldre mann, med augene fulle av tårer, ba Tsuzumi om rask hjelp.

– Eg vil be deg om å sleppe oss ut så raskt som råd. Eg har forlate alle dyra mine og alt eg eig, sa han.

Norio Tsuzumi seier unnskyld til evakuerte

Visepresidenten Norio Tsuzumi besøkjer evakueringssenteret i Tamura.

Foto: Koichi Nakamura / Ap

Åtvarar om nye skjelv

Samtidig ber japanske myndigheiter folk om vere i alarmberedskap i påvente av nye, kraftige jordskjelv.

Tre kraftige jordskjelv er målte utanfor den japanske kysten på to og ein halv time tysdag.

To av skjelva målte 6,6 og det siste 6,4. Skjelva er ifølgje CNN blant dei største som er målte etter at store deler av nordaust-kysten vart øydelagd av det katastrofale jordskjelvet 11. mars .

Det skjelvet hadde ein styrke på 9,0 og vart følgd av ein katastrofal tsunami som slo inn over land kort tid etter.

Det er ikkje meldt om omkomne eller materielle skader etter skjelva i dag. Det er heller ikkje sendt ut tsunamivarsel.

Men det meteorologiske instituttet i Japan åtvarar folk mot å sleppe ned skuldrane.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Hus kan kollapse

Dei har målt fleire enn 60 kraftige etterskjelv i området aust for Japan sidan 11. mars, og meiner det framleis er fare for skjelv med styrke på over 7.

– Kraftige etterskjelv kan få bygningar som allereie er skadde til å kollapse. Det kan også kome fleire tsunamiar, åtvarar dei ifølgje den japanske TV-kanalen NHK.

Berre etter dei tre kraftige jordskjelva er det kome fem nye skjelv med styrke over 5.

Følg med på meldingane om kraftige jordskjelv frå US Geological Survey HER (ekstern side).