Hopp til innhold

Høge strålingsverdiar målte i sjøen

Målingane av radioaktiv stråling i sjøen utanfor Fukushima er 30 gonger høgare enn strålegrensa.

Kvit røyk frå Fukushima-kraftverket

Kvit røyk stig opp frå Fukushima-kraftverket tysdag morgon. I sjøen utanfor er det målt høge verdiar av radioaktiv stråling.

Foto: Ap

TEPCO innrømmer at sjøen utanfor Fukushima-kraftverket er ureina av radioaktiv stråling, melder nyheitsbyrået Kyodo.

Målingar i dag viser eit nivå 29,8 gonger høgare enn den lovlege grensa.

Eit slikt nivå er ingen umiddelbar trussel for menneske, ifølgje den japanske regjeringa.

Kritisk for fiskeindustrien

Problem for fiskindustrien i Japan

Fiskeindustrien i Japan kan møte fleire utfordringar enn øydelagde garn...

Foto: Ap
Fiskebåt på land

.. og fiskebåtar som vart skylte på land i tsunamien.

Foto: TAKASHI NOGUCHI / Afp

Dei er likevel uroa av dei høge målingane, og fryktar konsekvensane dei kan få for fiskeindustrien, som allereie har fått fabrikkar øydelagde og båtar knuste.

– Sjølvsagt prøver vi å verne om helsa til folk og ta vare på sikkerheita, men fiskarane i området er i ein katastrofal situasjon. Heile industrien deira er borte, seier ein talsmann for fiskemarknadane i Tokyo.

Det er no starta målingar åtte stader i havet utanfor Fukushima-kraftverket.

Kvit røyk frå Fukushima

Også i natt har det kome kvit røyk ut frå Fukushima-kraftverket, men TEPCO seier dette er damp.

Arbeidet med å kjøle ned reaktorane stansa ei kort stund etter at røyken starta å komme ut, men arbeidet er starta opp igjen.

Talsmann for regjeringa, Yukio Edano, seier ingen veit kvifor det kjem kvit røyk frå reaktorane.

– Det er umogleg å sjå kva som skjer på innsida av husa der reaktorane er, seier han ifølgje BBC.

Manglar mat og vatn

Tysdag morgon er dødstala etter jordskjelvet og tsunamien som råka Japan 11. mars kome opp i 9070. Samtidig er 12.645 meldt sakna.

Framleis bur 350.000 i evakueringssenter nord og aust i Japan. Mange av dei manglar mat og vatn.

Folk som bur i områda rundt Fukushima-kraftverket har fått beskjed frå regjeringa om ikkje å drikke springvatn fordi det er målt høge strålingsverdiar i vatnet .

Det er også meldt om funn av radioaktiv stråing i spinat og mjølk etter jordskjelvet.

Video 04ab5f50-837f-46cf-89c1-66f40a06d118.jpg

Tysdag opplyser regjeringstalsmann Yukio Edano at det ikkje er målt radioaktiv stråling frå andre landbruksvarer til no, melder Kyodo.

SISTE NYTT

Siste nytt