Hopp til innhold

WHO: – Japansk mat er trygt

Verdas helseorganisasjon WHO seier spinat og mjølk frå Japan ikkje har nok radioaktivitet til at det er utrygt å ete.

WHO-talsmann Peter Cordingley

WHO-talsmann Peter Cordingley.

Foto: Pat Roque / AP

– Vi må presisere at korttidseksponering for dei stråleverdiane som er målte, ikkje medfører noko helsefare på kort sikt, seier helsetalsmann for FN i Asia, Peter Cordingley, til AFP.

– Det same gjeld for mjølka. Det utgjer inga helsefare, legg han til.

Det er funne urein spinat så langt som 120 kilometer frå Fukushima-kraftverket. Det var ifølgje Cordingley ikkje venta.

Han seier derimot at japanske styresmakter har gitt klare svar på utviklinga, og at WHO meiner det ikkje er grunn til panikk.

– WHO følgjer situasjonen nøye, og japanske helsemyndigheiter har gitt god informasjon til oss om den ureina maten, seier Cordingley.

Japansk mat er trygt

Epler produserte i Japan er å få kjøpt i Hong Kong.

Foto: BOBBY YIP / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt