Hopp til innhold

- Folk i Japan på kokepunktet

Guverenøren i fylket Fukushima kjem med beinhard kritikk av regjeringa i Japan for handteringa av krisa ved atomkraftverket Fukushima Daiichi.

Dette satellittbildet viser skadene ved Fukushima-kraftverket.

Dette satellittbiletet viser skadane ved Fukushima-kraftverket etter tsunamien.

Foto: Ap

Video Problemene i kø i Fukishima

VIDEO: Dette har gått gale i Fukushima-kraftverket.

Japan Earthquake Nuclear Risk

Yuhei Sato er guvernør i fylket Fukushima.

Foto: Wally Santana / Ap

Guvernør Yuhei Sato meiner det er ein skandale at 100.000 menneske frå området ved atomkraftverket, som er flytta til evakueringssenter lenger sør, ikkje får nok mat og andre heilt nødvendige ting som medisinar og olje.

Krisa i Japan time for time: Japan: Satser alt på strømkabel ved atomkraftverket

- Vi manglar alt

- Sendingane skal vere på veg, men har enno ikkje kome fram til dei som treng dei. Vi manglar aboslutt alt, seier ein uvanleg krass Yuhei Sato.

- Angsten og sinnet til folk i Fukushima er heilt på kokepunktet, legg han til.

Han er også sterkt kritisk til den informasjonen regjeringa har gått ut med om situasjonen ved atomkraftverket Fukushima Daiichi.

LES OGSÅ: – Atomanlegget var ikke forsikret mot tsunami

LES OGSÅ: Lite vann i kraftmagasinene skaper bekymring

Også husdyr må testast for radioaktiv stråling.

Også husdyra må testast for om dei har vore utsette for radioaktiv stråling.

Foto: Gregory Bull / Ap

Han ber statsminister Naoto Kan og resten av regjeringa straks gi folk nøyaktig og sannferdig informasjon om det som skjer ved Fukushima-kraftverket.

Også japanske aviser og fjernsynsstasjonar er uvanleg krasse i kritikken av regjeringa for handteringa av jordskjelv- og tsunamikatastrofen som ramma den nordaustlege delen av landet sist fredag, og den etterfølgjande krisa ved atomkraftverket Fukushima.

- Manglande informasjon

Frå media går kritikken først og fremst på at det har vore manglande informasjon, og kritikken rettar seg også mot eigaren av atomkraftverket, Tepco (Tokyo Electric Power Company).

Fleire titusen menneske har truleg mist livet etter at jordskjelvet, som hadde ein styrke på 9,0, og tsunamien. Det er tsunamien som har gjort mest skade, både menneskeleg og materielt.

LES OGSÅ: Japanere flykter fra strålefaren

LES OGSÅ: Hva blir konsekvensene av atomulykken?

Slik blir folk testa for radioaktivitet i Fikushima-området.

Folk som er evakuerte frå området ved Fukushima-kraftverket blir dagleg testa for radioaktivitet.

Foto: Wally Santana / Ap

Frå fleire hald har det kome skarp kritikk mot statsminister Kan og hans regjering for manglande leiarskap i samband med naturkatastrofen. Den amerikanske storavisa New York Times skriv blant anna:

«Aldri etter andre verdskrigen har Japan hatt eit slik behov for eit sterkt leiarskap - og aldri har landet sitt svake og retningslause styringssystem blitt så grundig avslørt».

Femte statsminister på fire år

Avisa viser til at Naoto Kan er den femte statsministeren i Japan på under fire år, og dei fleste politiske analytikarane i Japan hadde alt avskrive Kan før jordskjelvet, tsunamien og atomkrisa.

Takeshi Sasaki er ekspert på japansk politikk ved Gakushuin-universitetet. Han seier at inntrykket til folk er at regjeringa held mange pressekonferansar, men at dette er det einaste dei gjer.

- Japan har aldri opplevd ein så alvorleg test. Samstundes er det eit leiarskapsvakum, seier Sasaki til New York Times.

LES OGSÅ: Naturkatastrofer er farligere enn terror

LES OGSÅ: Uaktuelt å evakuere nordmenn

LES OGSÅ: Strålingsfaren kan hindre letearbeidet

SISTE NYTT

Siste nytt