Hopp til innhold

USA vil gi Gaddafi-milliardar til opposisjonen

USAs president Barack Obama seier han vil prøve å ta verdiar frå Muammar Gaddafi, som amerikanske styresmakter har teke beslag i, og gi dei til den libyske opposisjonen.

Jay Carney møter pressa i Det kvite hus.

Obama-talsmann Jay Carney snakker med pressefolk i Det kvite hus

Foto: Carolyn Kaster / Ap

Muammar al-Gaddafi

USA vil gi Gaddafi-familien sine verdiar i USA til opprørarane.

Foto: AHMED JADALLAH / Reuters

USA har teke beslag i fleire milliardar dollar tilhøyrande Gaddafi-familien i. Talsmann for Det kvite hus, Jay Carney, seier at dei no prøver å finne måtar å overføre verdiane til opposisjonen.

- Vi gjer alt vi kan, saman med våre internasjonale samarbeidspartnerar, for å leggje press på Muammar Gaddafi og regimet hans, sa Carney på ei presseorientering i Det kvite hus i dag.

Nyheitsbyrået AFP melder i kveld at USA har innført sanksjonar mot Libyas utanriksminister Musa Kusa og 16 libyske selskap.

Libyas utanriksminister Musa Kusa.

USA har innført sanksjonar mot Libyas utanriksminister Musa Kusa.

Foto: CHRIS HELGREN / Reuters

President Barack Obama skal i løpet av kvelden norsk tid ha eit møte med tryggingsrådgjevarane sine i løpet av kvelden norsk tid. Her skal dei diskutere ulike måtar USA kan støtte den libyske opposisjonen.

Dei libyske opprørarane har bede USA om våpenhjelp, men hittil har amerikanske styresmakter vore avventande til dette. Barack Obama har fleire gonger sagt at USA ynskjer at Gaddafi skal gå av, men han er lite lysten i å bli engasjert militært i Libya.

Ein del republikanske politikarar og konservative kommentatorar har ivra for at USA skal gå inn på opprørarane si side i Libya, men det er ikkje noko massivt krav frå opposisjonen om dette.

LES OGSÅ:

LES OGSÅ: Regjeringsstyrker angrep Ajdabiyah

LES OGSÅ: Gaddafi-soldatar inntek ny by