– Vi må bygge nye kjernekraftverk

– Det hadde kanskje vore betre om vi kunne legge ned gamle kjernekraftverk og bygge nye, meiner tidlegare IAEA-sjef Hans Blix.
Foto: JUSSI NUKARI/AFPTidlegare IAEA-leiar Hans Blix vil ikkje nøye seg med å sjekke kvaliteten på europeiske kjernekraftverk. Han vil bygge nytt.
Publisert 15.03.2011 20:10.
- Skriv ut

Det har vore eksplosjonar ved to av tre reaktorar ved Fukushima-kraftverket. Japanarane fryktar nedsmelting.
Ap
Ein av dei evakuerte frå Fukushima-området blir testa for radioaktiv stråling.
Foto: Wally Santana/Ap
EU-energikommissær Günther Oettinger vil stressteste europeiske kjernekraftverk.
Foto: THIERRY CHARLIER/AfpEtter jordskjelvet som råka Japan fredag har det vore eksplosjonar ved to reaktorar i Fukushima. Ein tredje reaktor står i fare for å bli utsett for det same.
Det er målt radioaktiv stråling på utsida av kraftverket, og japanarar fryktar konsekvensane.
Vil stressteste atomanlegg
I dag samla europeiske energiminstrar, sikkerheitsmyndigheiter og representantar for alle atomkraftverk seg til ekstraordinært møte i Brussel for å diskutere tryggleiken ved kjernekraftverk i EU.
Dei bestemte seg for å gjennomføre stresstestar.
– Svært grundige stresstestar i heile regionen, sa energisjef i EU, Günther Oettinger etter møtet.
EU ber også landa som grensar til regionen om å gjennomføre tilsvarande stresstestar. Alt skal vere gjennomført innan utgangen av året.
– Betre å bygge nytt
Katastrofen i Japan har altså ført til ein ny debatt om atomtryggleiken. Tidlegare IAEA-leiar Hans Blix trur ikkje motstanden blir mindre etter katastrofen. Han håpar derimot at det kan føre til nybygging.
– Det hadde kanskje vore betre om vi kunne legge ned gamle kjernekraftverk og bygge nye, seier han til NRK.
Blix meiner motstanden mot kjernekraftverk har gjort at gamle kjernekraftverk har halde det gåande for lenge, rett og slett fordi det ikkje har vore mogleg å finne plass til nye kraftverk.
– Det kjem til å bli meir motstand mot dette, men eg trur ikkje det finst andre alternativ enn å lære av dei ulykker som har vore, og å bygge inn denne kunnskapen når ein lagar nye kraftverk, seier han.

Greenpeace demonstrerer mot kjernekraftverk nær Uppsala i Sverige.
Foto: Johanna Hanno/Afp
Ei ku på jordet like utanfor Sellafield-kraftverket i England.
Foto: ODD ANDERSEN/AFP
Slik såg det ut i ved kjernekraftverket i Tsjernobyl etter ulykka i 1986.
ScanpixAvhengige av kjernekraft
Blix trur ikkje katastrofen i Japan er slutten på produksjon av kjernekraft til sivilt bruk., og viser til at det er stort behov for kjernekraft også i framtida.
– Vi er for avhengige av kjernekraft. I Japan kjem 30 prosent av energiforsyninga frå kjernekraftproduksjon. I Sverige utgjer kjernekraft nesten halvparten, seier Blix.
Problemet ser vi over store deler av Verda.
– I England, der nordsjøgassen er på veg til å ta slutt, der vender ein seg til kjernekraft. I Kina og Sør-Korea og i dei vaksande økonomiane i Asia ser ein også ein sterk trend som peikar mot meir bruk av kjernekraft, seier han.
Det finst til saman 153 atomreaktorar i EU-landa. Tyskland har allereie bestemt seg for å inntil vidare stenge sju kjernekraftverk som vart opna før 1980.
Stoppa ikkje etter Tsjernobyl
Blix peikar på at bygginga av kjernekraftverk ikkje stansa sjølv etter dei store utsleppa som kom etter Tsjernobyl-ulykka.
– Om vi ser på Ukraina og Kviterussland, som jo vart råka kjempehardt av veldig store utslepp, noko vi enno ikkje har sett i Japan, så var den psykologiske effekten veldig stor.
– Likvel er det slik at Ukraina i dag planlegg å bygge nye kjernekraftverk, og Kviterussland også, seier Blix.
Han peikar på atutbygginga bremsar opp i ei tid etter ei stor ulykke, men at ein etter ei stund ser at det er få alternativ til å starte opp igjen.
– Vi må heile tida vurdere at vi står overfor ein riskiko for klimaendring og at vi må bremse utsleppa av karbondioksid, og kjernekraft er ei kjelde som ikkje slepp ut noko karbondioksid, seier Blix.
Les: Spørsmål og svar om Fukushima
Les
EU
- Island avslutter EU-forhandlingene
- Vil ha én sjef for eurolandene
- EU-samarbeid blir dyrere for Norge
- Ungdomsledigheten truer EU
- Strengere EU-krav til flyselskaper
- EU-leder frykter tapt generasjon
- Norge med i europeisk banktilsyn
- EU: Eurosonen i resesjon ut året
- Norge med kontor i EU-parlamentet
- EU-stater vil skjerpe skatteregler
- EU holder veimilliarder til Polen
Japan rammet av jordskjelv og tsunami
- Mer vold mot kvinner i Japan
- Hjemsøkes av tsunami-spøkelser
- – Økt kreftrisiko rundt Fukushima
- Myndighetene innrømmer mislighold
- Mutante Fukushima-sommerfugler
- Tusener protesterte mot atomkraft
- Gassmaske-demonstrantar i Tokyo
- – Japan ignorerte atomfaren
- Demonstrerte mot atomkraft i Japan
- Kraftig kritikk i Fukushima-rapport
- Japan starter opp atomreaktorer
Nyheter fra verden
Grossist arrestert i hestekjøtsaka - To razziaer etter kjøttøks-drap
- Rystet over drap med kjøttøks
- Norsk par reddet fra seilbåthavari
- Bilbombe råka fransk gruve i Niger
- Cameron innkaller til krisemøte
- 80-åring nådde Everest
- Økt skepsis til Kina og India
- Nye opptøyer i Stockholm
- Amerikanske droner drepte Awlaki




