Hopp til innhold

Redd Barna til Japan for å hjelpa tsunamiråka born

Norske hjelpeorganisasjonar ønskjer å hjelpa til etter katastrofen i Japan. Redd Barna samlar inn pengar til senter for born som opplevde tsunamien.

Japan

Ei mor trøystar borna sine i ein kriseleir nær byen Sendai, som vart hardt råka av jordskjelvet og tsunamien fredag 11.mars.

Foto: PHILIPPE LOPEZ / Afp
japan

Eit lite born frå Fukushima-området vert undersøkt for radioaktivitet.

Foto: KIM KYUNG-HOON / Reuters

Opptil 100.000 born kan ha blitt tvinga til å flykta frå heimane sine etter jordskjelv- og tsunamikatastrofen i Japan, ifølgje Redd Barna.

– Her er det born som har sett heimane sine verta rivne vekk av enorme vassmassar. Me kan berre førestella oss kor skremmande dei siste dagane har vore for dei, seier naudhjelspansvarleg i Internasjonale Redd Barna, Søren Pedersen.

1,5 mill på eitt døgn

Og dei tragiske bileta frå Japan set tydeleg også kjenslene i sving her heime.

Sidan i går har Redd Barna greidd å samla inn 1 500 000 kroner frå sine faste gjevarar til arbeidet med å hjelpa japanske born.

Sørensen seier det er viktig at heimlause born som søv på skular og i idrettshallar no kjem saman med andre born, og ikkje berre er saman med fortvila foreldre.

Kjensler og frykt

– Det er i tillegg viktig å hjelpa dei med å bearbeide kjensler og frykt så snart som mogleg etter ein slik katastrofe, seier naudhjelpsansvarleg Pedersen.

Han fryktar at mange born har kome vekk frå foreldra og slektningane sine.

– Mange familiar er splitta etter katastrofen. Me vil hjelpa dei som er redda etter tsunamien med å finna fram til kvarandre.

SISTE NYTT

Siste nytt