– Eg hadde veldig flaks

Jonas Hanssen overlevde jordskjelvet i Japan.
Foto: AFP Toru Yamanaka/privat/MontasjeSonen til eks-statsråd Bjarne Håkon Hanssen skjønte først dagen derpå kor ille det stod til i Japan. – Eg hadde flaks, seier Jonas Hanssen til NRK.
Publisert 14.03.2011 17:27.
- Skriv ut

Sendai vart hardt råka av jorskjelvet og tsunamien fredag.
Foto: AP/Ap
Fleire hus starta å brenne etter at den store bølgja slo inn over land.
Foto: KIM KYUNG-HOON/ReutersJonas Hanssen er utvekslingsstudent i byen Sendai, som vart hardt råka av jordskjelvet fredag. Han hadde skulefri og var heime då skjelvet kom.
18-åringen innrømmer at det først var spennande.
– Men plutseleg starta det å riste for alvor, og vi måtte ta tak i gelenderet på verandaen for å halde oss på beina, seier han.
– Hadde veldig flaks
Først dagen etter forstod han kor ille det var.
– Då skjelvet kom, var eg plassert ganske høgt oppe. Eg forstod ikkje kor ille jordskjelvet var før dagen etter, då eg fekk sett i avisene, seier han til NRK.
No innser han at han var heldig.
– Eg har verkeleg hatt veldig flaks. Eg har ikkje blitt skadd på nokon måte. Vertsfamilien har ikkje lidd noko skade, og huset står enno, seier han.
- Les også: Alle savnede nordmenn er funnet

Å verkeleg bli redd for at noko har skjedd med barna, er det verste som kan skje, meiner Bjarne Håkon Hanssen.
Foto: Falch, Knut/SCANPIX– Det verste som kan skje
Først i går, søndag, fekk familien heime i Noreg vite at sonen var i god behold.
– Det er nesten ikkje råd å beskrive med ord, seier far Bjarne Håkon Hanssen, tidlegare statsråd for Arbeidarpartiet.
– Ein har jo høyrd mange gonger i livet at det å verkeleg bli redd for at noko har skjedd med barna, er det verste som kan skje. Det kan eg stadfeste. Slik er det, seier han.
Ingen plan om heimreise
Sonen fortel frå Japan at det er kaotisk i landet, og at dei manglar både mat og drikke. I tillegg er alle uroa for strålefaren som er meldt.
– Det skal visst ikkje vere større fare. Om det likevel viser seg å vere det, så har dei no fått kontaktinforamasjonen min, og kan ta kontakt, seier son Hanssen.
Enn så lenge har han ingen planar om å reise heim til Noreg.
– Det var rett nok matmangel dei første dagane, men ein ting kan ein trygt seie om folket her, og det er at dei er veldig orienterte.
– Det har verkeleg skjedd store framsteg her berre på nokre få dagar. Vi har allereie fått straumen tilbake, og det blir ordna mykje slik at ein alltids kan få tak i mat og drikke, seier han.
Japan rammet av jordskjelv og tsunami
- Mer vold mot kvinner i Japan
- Hjemsøkes av tsunami-spøkelser
- – Økt kreftrisiko rundt Fukushima
- Myndighetene innrømmer mislighold
- Mutante Fukushima-sommerfugler
- Tusener protesterte mot atomkraft
- Gassmaske-demonstrantar i Tokyo
- – Japan ignorerte atomfaren
- Demonstrerte mot atomkraft i Japan
- Kraftig kritikk i Fukushima-rapport
- Japan starter opp atomreaktorer
Nyheter fra verden
Karzai brøt forhandlingene med USA - Fire drept i Afghanistan
- Kan Obama begeistre Berlin?
- Arrestert ordførar trekker seg
- Våpenlager eksploderte i Russland
- Skolebomber får livsvarig fengsel
- Tyrkia vil regulere sosiale medier
- – Vi blir aldri helt enige om Syria
- Assange ett år i ambassade-asyl
- Snowden ba om hjelp til Island-asyl




