Israelsk politi jaktar på ein palestinsk mann som skal ha kome seg inn i huset til familien, og deretter har gått til angrep på familien med kniv. Tre andre born i familien skal ha greidd å kome seg unna og fått slått alarm.
Blant dei drepne skal det vere eit spebarn, eit barn på tre år og eitt på elleve år, melder nettstaden Ynet.
Israelske soldatar og politifolk har sett i verk ein stor operasjon i området for å finne gjerningsmannen. Heile området rundt busetjinga er sperra av.
Ein talsmann for den israelske hæren seier til israelsk radio at ein palestinar kom seg inn i huset i busetjinga Itamar, og at han tok livet av fem menneske.
Det har vore fleire valdelege episodar mellom israelske busetjarar og palestinarar i dette området den siste tida. Drapa i natt er det mest alvorlege anrgepet mot israelarar på lang tid.
Det var eit liknande anrgep mot busetjinga Itamar i 2002. Ein væpna mann tok seg då inn i eit hus og tok livet av fire menneske.
Busetjinga Itamar bsetår av rundt 100 familiar.
Ingen grupper har teke på seg ansvaret for dei brutale drapa, men Hamas, som har makta på Gazastripa, seier dei fullt ut støttar angrep på israelske busetjarar.
Dei palestinske styresmaktene på Vestbreidda fordømmer det brutale angrepet. Statsminsiter Salam Fayyad sier at dei tek sterk avstand frå det som har skjedd i busetjinga Itamar.