Hopp til innhold

215 000 i tilfluktsleirar

Meir enn 215 000 menneske har søkt ly i tilfluktsleirar etter at Japan i går opplevde det kraftigaste jordskjelvet i landet nokonsinne.

Folk strøymer i hopetal til tilfluktsleirane som er sett opp i det nordlege og austlege Japan.

Titusenar er heimlause etter at eit katastrofalt 8,9 skjelv og ein påfølgjande tsunami med opp til ti meter høge bølgjer råka landet fredag.

Politiet seier dei framleis manglar oversikt i fleire provinsar, men berre i Fukushima er meir enn 100 000 menneske no i tilfluktsleirar.

Etterskjelv i natt

Eit etterskjelv med styrke 6,8 blei i natt registrert i havet utanfor Japan. Skjelvet hadde senter 174 kilometer søraust for byen Sendai, som blei hardast råka av tsunamien i går.

I frykt for ein ny tsunami åtvarar japanske styresmakter laurdag alle som er evakuerte mot å venda tilbake til kystområda, som fekk hardast medfart då dei enorme bølgjene slo inn over land.

Det er no fare for bølgjer på opp til to meter i ei rekkje område.

Dødstala stig

Hus og bygningar vart i går slått til pinneved, fleire hundre menneske er stadfesta døde og mange tusen er sakna.

I løpet av natta har det offisielle talet på døde stige til 703, men styresmaktene fryktar langt dystrare tal.

– Beklagelegvis må me vera førebudde på at dødstala vil stiga til langt over tusen, seier talsmann Yukio Edano ifølgje nyheitsbyrået AFP.

I tillegg er mange tusen menneske sakna, 5,6 millionar husstandar er utan straum, og over ein million er utan vatn.

– Store bustadområde i fleire kystbyar vart i går jamna med jorda og framleis herjar det brannar der, sa statsminister Naoto Kan etter å ha sett skadeomfanget med eigne auge frå helikopter.

Fryktar radioaktiv nedsmelting

I Fukushima er titusenar evakuerte frå heimane sine som følgje av fare for radioaktive utslepp ved to atomkraftverk.

Kjøleanlegga i reaktorane er ute av funksjon, og det er målt radiokaktive verdiar 1000 gonger over normalen i eit kontrollrom.

Styresmaktene gjennomførte i går kontrollerte utslepp for å letta på presset, men laurdag opplyser japanske nyheitsbyrå om at «ei kjernefysisk nedsmelting kan vera i gang» ved ein av reaktorane.

SISTE NYTT

Siste nytt