Hopp til innhold

Vassposar stamma frå Berserk

Ei padleåre og 20 vassposar som stammar frå Berserk, er nyleg funne flytande i sjøen der leiteaksjonen pågår.

Vassposar og padleåre frå Berserk funne i sjøen

Det er fredag morgon funne 20 norskproduserte vassposar og ei padleåre som stammar frå den sakna norske båten Berserk.

Foto: Barbara Veiga / Sea Sheperd

Padleåre og vassposar frå Berserk

Padleåra og vassposane som blei fiska opp frå Sørishavet av leitemannskap, skal tilhøyra Berserk.

Foto: Barbara Veiga / Sea Sheperd

– Me har nettopp stoppa båten for å plukka opp ting som kjem frå redningsflåten til Berserk, seier svenske Luz Rivas.

Ho er ein del av leitemannskapet om bord på Sea Sheperd-skipet «Steve Irwin» som er sett inn i søket etter den norske seglbåten.

Gjenstandane som er funne er ei padleåre og 20 vassposar som er norskproduserte og merka «Seven Oceans».

Rivas avkreftar at det er snakk om vrakrestar etter Berserk.

– Me har ikkje funne direkte indikasjonar på at båten har gått ned, men det ser ganske håplaust ut, diverre.

Avsluttar om få timar

Paul Watson

Paul Watson i Sea Sheperd seier dei har søkt så grundig i området der Berserk sende ut naudsignalet, at det no er liten vits i å halda fram stort lenger(arkivfoto).

Foto: Navntoft, Keld / SCANPIX
Tom Gisle Bellika

Tom Gisle Bellika (36) er ein av dei tre som er sakna, etter at Berserk forsvann sporlaust i arktiske farvatn tysdag.

Foto: PRIVAT

Leiteaksjonen etter dei tre personane som er sakna på den norske seglbåten Berserk, vert avslutta om få timar, opplyste kapteinen om bord på båten som leitar i Sørishavet rundt klokka seks i dag tidleg.

– Sannsynet for å finna overlevande etter Berserk er no minimale, seier øvstkommanderande på «Steve Irwin», Paul Watson til NRK.

Watson fortel at dei truleg vil avslutta søket etter Berserk mellom klokka 12 og 14 norsk tid.

Helikopter i lufta

Om søket vert utvida som følgje av dei nye funna, er førebels uvisst.

– Tanken var at dette skulle bli den siste helikopterflyginga og at vi om kort tid skulle avslutta leitinga. Men det kjem an på kva det er me no har funne og korleis redningssentralen i newzealand tolkar desse funna, seier svenske Rivas.

Sea Sheperd-helikopteret er for øyeblikket i lufta for å skaffa oversikt over området, og skal etter planen returnera til basen på skipet rundt klokka 11 norsk tid.

Ifølgje kaptein Watson er det fredag perfekte leiteforhold i Sørishavet.

– Sjøen er speglblank og veret er relativt varmt. Om det er noko som flyt rundt i sjøen, så vil me få auga på det.

Flåten til Berserk er funnet i Sørishavet

Her blir redningsflåten til Berserk funnen av leitemannskap, 45 nautiske mil nord for staden der naudsignalet til seglbåten vart sendt ut.

Foto: Barbara Veiga / Sea Shepherd
Redningsflåten til Berserk er funnet i Sørishavet.

Redningsflåten til Berserk vert fiska opp av leitemannskapet.

Foto: Barbara Veiga / Sea Seashepherd
Fann redningsflåte full av is

Tre personar var om bord på Berserk då naudsignalet vart utløyst i Rosshavet i Antarktis tysdag morgon. To av dei er norske, medan den tredje personen skal vera frå Sør-Afrika.

Seint torsdag kveld vart redningsflåten til Berserk funne driftande i Rosshavet ved Antarktis. Leitemannskapet har funne indikasjonar på at flåten er røska frå fortøyingane av naturkrefter, og meiner den ikkje har vore i bruk.

Flåten bar preg av hard medfart då Watson og mannskapet fekk auge på den. Presenninga var avriven, og den var fylt med is og sjøvatn.

Nådelause isfjell

Sidan søket etter Berserk starta, har to skip og eitt helikopter saumfart eit område på over 4000 kvadratkilometer i Sørishavet.

Sea Sheperd-mannskapet har tett kontakt med redningssentralen på New Zealand, som heile tida vurderer situasjonen og ressursbruk i operasjonen, men Watson seier området no er så grundig gjennomsøkt at det er liten vits i å halda fram stort lenger.

– Leiteaksjonen har vore svært grundig, og helikopteret har vore ute heile tida. Båten er her berre ikkje, seier Watson.

Etter å ha sett forholda som var i området for tre dagar sidan, har skipparen lita tru på at nokon kan ha overlevd i sjøen utan redningsflåte.

– Me snakkar om 40 minusgrader, vindkast på opptil 150 kilometer i timen, brutal sjø og enorme,driftande isfjell. Ein samanstøyt med eitt slikt isfjell vil åleine kunne knusa båten og få den til å søkka.

Berserk

Dette biletet skal vera blant dei siste som er tekne av seglbåten Berserk. Her er tre av mannskapet på fem ute på dekk, i møte med eit newzealandsk marinefartøy søndag.

Foto: New Zealand Defence Force / HMNZS Wellington / Scanpix

Skip frigjort frå leitinga

«Steve Irwin» er no det einaste skipet som framleis leitar etter den norske seglbåten Berserk, som har vore sakna i Sørishavet sidan ein nødpeilar gjekk av tysdag morgon.

Ifølgje den newzealandske redningssentralen blei det andre skipet som var med på leitinga, Professor Kromov, frigjort i natt.

– Me håpar framleis på å finna dei tre sakna, men håpet svinn etterkvart som tida går og resultata uteblir, seier talsmann Nick Churchhouse.

Han vurderer funnet av den tomme redningsflåten som eit svært dårleg teikn.

– Dersom flåten blei riven av i uvêret, tyder det at mannskapet ikkje har hatt ein utveg om båten gjekk ned. Du kan jo trekkja konklusjonane sjølv.

SISTE NYTT

Siste nytt