Hopp til innhold

– Gutane på båten er alt som tel

«Berserk»-kaptein Jarle Andhøy seier han er uroa over at mannskapet på båten ikkje har lete høyra frå seg på to døgn.

Samuel blir spurt om han vil bli med til Sørpolen

Jarle Andøy (t.h.) og Samuel Massie (t.v.) er på full fart tilbake mot Ross Bay for å leita etter resten av mannskapet på Berserk.

Foto: Widescreen

Berserk

Seglbåten Berserk er kjend frå NRK-serien «Berserk mot Nordpolen» Den var på veg mot Sørpolen då den i går sende ut eit naudsignal

Foto: wildvikings

– Me har vore så langt som til verdas ende, men no er alt anna uvesentleg enn gutane om bord på Berserk, seier kaptein på seglbåten, Jarle Andhøy, til NRK.

I morgontimane i dag fekk NRK telefon frå Andhøy, som kvar onsdag plar ringa inn til Nitimen i NRK P1 for å rapportera om stoda i Sørpolen-ekspedisjonen.

– No får polar vera polar. Sikkerheita til gutane på Berserk er det einaste som gjeld no, seier Andhøy på ei sprakande linje frå arktiske strok.

– Tre framleis sakna

Andhøy gav i natt livsteikn frå seg etter at seglbåten han er kaptein på hadde vore sakna i Antarktis i nærmare to døgn.

Kapteinen ringde Hovudredningssentralen i Bodø via satelittelefon ved 01.30-tida natt til i dag, og og fortalde at han og kompanjongen Samuel Massie (18) var på land ved Sørpolen, og i god behald.

Båten Berserk med tre personar om bord er framleis søkk borte.

Newzealandske fartøy leitar etter Berserk i Rosshavet

Newzealandske fartøy leitar etter seglbåten Berserk i det kalde og brutale Rosshavet i Antarktis.

Foto: Barbara Veiga / Sea Sheperd

Gisle søkjer ut i ope hav

Det er den newzealandske hovudredningssentralen som koordinerer leiteoperasjonen etter Berserk.

Ifølgje Andhøy var det Tom Gisle Bellika (36) som skulle stå bak roret medan Andhøy var i land. Andhøy har no informert hovudredningssentralen om ankringsplassar som mannskapet hadde tenkt å vera på.

– Eg har også fortalt at Gisle likar å dra langt til havs når det bles hardt og det er problem. Eg vonar at det kan vera til hjelp i leitinga, seier kapteinen til NRK.

Leiteaksjon etter Berserk i Rosshavet

Den newzealandske kystvakten har leita gjennom heile området der Berserk er meld sakna - utan hell.

Foto: Barbara Veiga / Sea Sheperd

– Teken på senga

Etter at HRS tysdag morgon mottok eit naudsignal via ein nødpeilesendar om bord på skuta, blei det stille både frå skuta og frå dei to som er på land.

– Eg blei veldig teken på senga då eg i natt fekk beskjed om at Berserk har sendt ut eit naudsignal. Eg er svært overraska over at nødpeilaren har gått i det heile tatt. Eg forstår ikkje heilt kva som har skjedd for dei låg med kysten ved eit bra ankringsområde, fortel Andhøy til NRK.

Han seier dei heile tida har hatt fast dialog med dei tre ombord på skuta, men at det har vore stille frå Berserk dei siste dagane.

– Det siste me høyrde frå dei var at alt var vel og at skuta var sjøklar,

– Forhåpentlegvis er det berre elektroniske problem som er årsaka, legg han håpefullt til.

– Pumpar unna

Jarle Andhøy

Berserk-kaptein Jarle Andhøy (33) er ekstremsiglar, eventyrar og TV-kjendis - blant anna frå NRK-serien Sjøsprøyt.

Foto: NRK

Andhøy og Massier er no på veg tilbake til kysten på firhjulingar, men seier det er umogleg å anslå når dei vil vera framme ved Ross Bay.

– Det kjem an på vêr og vind. Me pumpar unna fleire hundre kilometer om dagen når veret er godt. Men når det er dårleg ver er det berre å grava seg ner og halda seg fast.

Det var svært dårleg vêr med åtte meter høge bølgjer og vindar oppe i orkan styrke i Rosshavet då naudsignalet vart sendt ut frå Berserk. Andhøy seier dei også har merka det dårlege veret til lands.

– Ja, men me har vore ute ein uversdag før. Det å vera ute i 70-80 knops vind er ikkje noko hokus pokus så lenge du er førebudd, seier han.

Et helikopter er satt inn i søket etter Berserk

Eit helikopter er sett inn i søket etter Berserk.

Foto: Sea Sheapard

– Ute ein uversdag før

Desto meir uroa er han over at mannskapet på båten ikkje har lete høyra frå seg på to døgn.

– Veret er normalt ikkje problem for dei erfarne gutane. Særleg ikkje når dei ligg med kysten og kan ankra, og i tillegg har godt sjømannskap i bakermet.

Andhøy skildrar også Berserk som ein veldig sterk båt som skal tola tøff sjø og røffe kast.

Video Leteaksjon etter "Berserk"
Foto: Nyhetsspiller

SISTE NYTT

Siste nytt