Hopp til innhold

- Ingen kjenner Berserk som Jarle

Den erfarne polfararen Lars Ebbesen meiner det er svært alvorleg om kapteinen ikkje var om bord på Berserk då orkanen slo til.

Lars Ebbesen er uroa for mannskapet på Berserk

– Antarktis er nådelaust og rått. Om berre tre personar var om bord i Berserk då uvêret sette inn, og kapteinen var borte, er det veldig urovekkjande, meiner polfarar Lars Ebbesen.

Foto: Privat/Scanpix

Lars Ebbesen

Polfarar og globetrotter Lars Ebbesen har sjølv vore på Sørpolen og gav råd til Berserk-kapteinen før seglbåten hans la ut på ekspedisjon.

Foto: NRK

– Ingen kjenner Berserk betre enn kaptein Jarle Andhøy. Dersom mannskapet blei overraska av orkan medan han var i land, er det svært bekymringsfullt, seier Ebbesen som kjenner Sørpolen svært godt.

Seglbåten Berserk er kjend frå NRK-serien «Berserk mot Nordpolen» Den var på veg til Antarktis då den i går sendte ut eit naudsignal frå Rosshavet. Sidan har ingen høyrt frå mannskapet på fem.

– Nådelaust og rått

Jarle Andhøy

Berserk-kaptein Jarle Andhøy var truleg på fastlandet då seglbåten sendte ut eit naudsignal i går.

Foto: Birte Njøsen Horne / NRK
Samuel Massie

Den 18 år gamle bergensaren Samuel Massie er ein av dei fire norske som er med på Berserk-ekspedisjonen.

Foto: Widescreen/NRK

Berserk hadde ein kontaktperson heime i Noreg som måndag var i kontakt med kjendisbåten. Han fekk opplyst av dei tre som var om bord at dei hadde det fint. Dei to andre hadde gått i land i Antarktis, men var då på veg tilbake til kysten.

Det var kapteinen Jarle Andhøy og 18-år gamle Samuel Massie som gjekk i land. Av dei tre som var att på båten, skal to vera norske og ein britisk.

– Området er nådelaust og rått. Om berre tre personar var om bord då uvêret sette inn, og kapteinen var borte, er det veldig urovekkjande, meiner polfarar Ebbesen.

Ebbesen var sjølv på Sørpolen i 1994 med ekspedisjonen «Unarmed to the Southpole». Før Berserk-kapten Andhøy la ut på reise, var Ebbesen difor ein av dei han vendte seg til for råd og tips.

– Det krev kolossal konsentrasjon for å peila båten og overleva i slike farvatn. Det må alltid vera to mann på dekk og det krevst kolossal konsentrasjon for å peila båten og overleva. Ein har ikkje råd til å gjera feil, fortel Ebbesen.

Rapporterte frå Antarktis

Nitimen på NRK P1 har kvar veke sendt telefonrapportar der Jarle Andhøy har fortalt om ekspedisjonen og situasjonen til båt og mannskap. Førre opptak blei gjort onsdag¨sist veke.

Då sa Andhøy at han og kompanjongen hadde køyrt firhjulingar over isen til fastlandet i fire døgn, og at dei endeleg hadde kome seg fram til Ross Shelf, som er verdas største isshelf.

– Det å passa båten er eigentleg ei vel så tøff oppgåve som å ferdast på isen her. Der rører det seg store isflak som lett kan knusa båten om dei ikkje flyttar den med naturkreftene, fortalde Andhøy i Nitimen.

Betre vêr og hjelp på veg

Berserk

Den norske seglbåten Berserk er kjend frå fleire fjernsynsseriar, blant anna NRK-serien «Berserk mot Nordpolen».

Foto: wildvikings

Veret i området var tysdag svært dårleg, med orkan i opptil 80 knops styrke. Det vart meldt om bølgjehøgder på opp til 8 meter og vindstyrke på 60 knop (110 km/t) frå New Zealand.

Onsdag er veret betrakteleg betre, og den newzealandske redningssentralen har sendt ut to fartøy som no er på veg til området der nødpeilaren blei utløyst. I tillegg er eit helikopter sett inn i søket etter båten.

– Det vil likevel ta rundt 12 timar til dei er framme, fortel redningsleiar ved Hovudredningssentralen (HRS) Tore Hongset til NRK klokka 12 onsdag.

– Sjeldan at naudsignalet stoppar så fort

Berserk er ifølgje Hongset utstyrt med éin fastplassert nødpeilar og to satelittelefonar. Nødpeilaren kan utløysast manuelt av mannskapet sjølv, eller den går av automatisk dersom båten blir dekt med vatn.

Det er førebels ukjent for redningssentralen om alarmen blei utløyst manuelt eller automatisk.

Signalet frå nødpeilaren vert fanga opp av ein satelitt, som deretter varslar aktuelle redningssentralar.

Ifølgje HRS kan ein nødpeilar senda ut signal i to til tre dagar før batteriet tek slutt. Signalet frå Berserk slutta derimot etter ein times tid.

– Det er sjeldan at alarmen stoppar etter så kort tid, seier Hongset i HRS.

Han seier det kan vera ulike grunnar til at signalet tok slutt.

– Personar kan ha skrudd den av, satelitten kan ha problem med å fanga opp signalet, eller batteriet på nødpeilaren kan ha gått tomt. Me veit førebels veldig lite om kva som har skjedd.

Døde telefonlinjer

Redningsleiaren påpeiker at dersom dårleg signalmottak er årsaka til brotet, kan det vera at signalet frå nødpeilaren dukkar opp att.

Både dei to som var på land og dei tre i båten var i tillegg utstyrte med satelittelefonar. HRS har førebels ikkje greidd å få kontakt med Berserk ved hjelp av telefonane.

Dei er i tett kontakt med redningstenesta i New Zealand og følgjer situasjonen minutt for minutt.

SISTE NYTT

Siste nytt