Hopp til innhold

Tryggingsrådet fordømmer Libya-vald

Tryggingsrådet i FN har i eit krisemøte seint tysdag kveld fordømt bruken av vald i Libya, og rådet ber om at dei som er ansvarlege for angrep på sivile må stillast til ansvar for det.

Video Sterke reaksjoner på Gaddafis tale

VIDEO. Sterke internasjonale reaksjonar på Gaddafis tale.

Alle dei 15 medlemslanda i Tryggingsrådet står bak fråsegna, som også ber om at valden i landet må stanse med ein gong.

Formuleringane er runde i kantane, men det er ingen tvil om at fordømminga av valden rettar seg mot regimet til Muammar al-Gaddafi. Tryggingsrådet ber også om at det blir sett i verk tiltak som kan møte krava frå innbyggjarane, også gjennom nasjonal dialog.

Styresmaktene i Libya blir bedne om å vere tilbakehaldne med maktbruk, å respektere menneskerettane og med ein gong sleppe menneskerettsgrupper inn i landet.

Fråsegna frå Tryggingsrådet kom få timar etter at Muammar al-Gaddafi i ein over ein time lang fjernsynstale trua med hard maktbruk om det ikkje blir slutt på opprøret i landet.

LES OGSÅ: – Setter fyr på bygninger og river ned portretter av Gaddafi

LES OGSÅ: To nye oljeselskaper kutter i Libya-produksjonen

Det var Libyas eigen FN-delegasjon som bad om at Tryggingsrådet skulle møtast for å diskutere situasjonen i heimlandet. Slik som fleire andre libyske diplomatar har FN-delegasjonen brote med regimet til Muammar al-Gaddafi.

LES OGSÅ: Dette er Gaddafis sønner og døtre

LES OGSÅ: Opprørere kontrollerer Libyas grense til Egypt

Styresmaktene i Libya seier at 300 menneske er drepne i uroa, og dette er første gong regimet får ut med eit offisielt tal. Det skal vere 189 sivile og 111 soldatar blant dei døde.

Dei verste samanstøytane har vore i den nest største byen i landet, Benghazi, der 104 sivile og 10 soldatar skal ha blitt drepne.

Menneskerettsorganisasjonar har tidlegare sagt at mellom 233 og 400 menneske er drepne i Libya dei siste dagane.

LES OGSÅ: Gaddafi: – Jeg vil kjempe til min siste dråpe blod

LES OGSÅ: - Under 20 nordmenn igjen i Libya

SISTE NYTT

Siste nytt