Hopp til innhold

27 skjelv på seks timar

26 etterskjelv har gjort det vanskeleg for redningsarbeidarane å redda ut dei minst 200 personane som er innesperra etter det kraftige jordskjelvet tysdag.

Video Kaos i gatene i New Zealand

Gatene i Christchurch er prega av panikk og kaos etter jordskjelvet tysdag.

Minst 200 personar er fanga i ruinane av samanraste bygningar etter eit kraftig jordskjelv i New Zealands nest største by, Christchurch.

Skjelvet kom like før klokka 13 lokal tid tysdag, då folk var på jobb eller hadde lunsjpause og ungane var på skulen.

Etterskjelva har deretter kome tett som hagl. Det er rapportert om heile 26 etterskjelv med ein styrke på mellom 3,5 og 5,7, ifølgje NZTV.

– Mørkaste dagen nokonsinne

Det første skjelvet målte 6.3, og tok livet av minst 65 menneske. Dette er den dødelegaste ristinga på New Zealand på 80år, ifølgje nyheitsbyrået AFP

Jeff McClay, som bur i Christchurch fortel at han med naud og neppe slapp unna hovudskjelvet med livet intakt.

– Golvet berre svikta under oss, og så kom taket etter. Heldigvis stod me litt innanfor bygningen. Hadde me stått i eit hjørne eller ved kanten, hadde me vorte klemte ihjel, seier McClay til nyheitsbyrået AP.

Det er erklært unntakstilstand i byen, og statsminister John Key seier at dødstalet truleg vil stiga.

– Me er kanskje vitne til den mørkaste dagen i New Zealands historie, seier Key til AP.

Video Redningsaksjonar i New Zealand

Det pågår omfattande redningsaksjonar på New Zealand for å få ut hundrevis av menneske som er innesperra i ruinar etter jordskjelvet tysdag.

– Baby i ruinane

Ei kvinne oppheldt seg i femte etasje då skjelvet råka.

– Heile bygget berre kollapsa. Me var fleire som blei gravlagde under delar av taket og det var ein baby med oss, seier ho til AP.

Innbyggjarane i byen med 400 000 innbyggjarar har mista straumen, og vassforsyninga er kutta som følgje av skakingane. Det brenn fleire stader, og sprokne og blokkerte vegar gjer det vanskeleg å ferdast med bil.

Ein haug med stein er det einaste som er igjen av spiret på Christchurch Cathedral.

Tårnet på Christchurch Cathedral ligg i ei steinrøys

Det som var tårnet på Christchurch Cathedral ligg i ei steinrøys.

Foto: HO / Reuters

«Ring meg mor»

Overlevande leitar framleis desperat etter sine kjære under betongmassar, bygningsmateriale og knust glas som ligg strødd utover gatene.

Ei ikkje namngjeven kvinne har nyleg fått eit livsteikn frå sonen via SMS.

«Vær så snill å ring meg mor, ring meg» står det i meldinga.

– Deretter skreiv han at han er glad i meg. Eg veit framleis ikkje kvar sonen min er, og eg fekk ikkje gjeve han ein klem før me kom frå kvarande, seier mora.

Ei kvinne leitar etter sonen sin etter jordskjelvet

Ei kvinne er på desperat jakt etter sonen hennar, som blei borte for henne etter skjelvet.

Foto: AP

– Norske studentar har det bra

Utenriksdepartementet melder at ingen nordmenn så langt er savna. Marius Sortland Myklebust er i New Zealand og fekk kjenna det massive jordskjelvet på kroppen.

– Bygningen eg bur i svaia fram og tilbake fleire gonger.

Myklebust trudde først det var kraftig vind som var årsaka, men kjente raskt at rystingane kom nedanifrå.

– Wow, no har det skjedd igjen tenkte eg då eg forstod at det var eit jordskjelv

Myklebust er informasjonsansvarleg i studentorganisasjonen ANSA. Han seier norske studentar i Christchurch har det bra.

– Dei er på universitetsområdet som er eit stykke utanfor sentrum.

Jordskjelv på New Zealand

Politifolk, redningsmannskap og frivillige arbeider på spreng for å hjelpa overlevande ut av ruinhaugane.

Foto: NZ TV3 / Afp
– Krigssone

Borgarmeisteren i Christchurch, Bob Parker seier det som har skjedd er er ein tragedie, og at skadeomfanget er ufatteleg.

– Dette er ein veldig dårleg dag for oss, heile byen ser ut som ei krigssone.

– Den viktigaste beskjeden som eg vil senda ut til innbyggjarane er at dei bør bli der dei er, seier han.

Førre gong Christchurch blei råka av eit katastrofalt jordskjelv, var den 4.september i fjor. Skjelvet i september var sterkare enn det som råka øystaten i går. Rundt 100 000 bygningar vart skadde, men øydeleggingane vart likevel ikkje så omfattande som no, ifølgje styresmaktene.

14 000 skjelv i året

New Zealand ligg langs skjæringspunktet mellom den australske og Stillehavet si tektoniske plate, og blir råka av heile 14 000 skjelv i løpet av eit gjennomsnittsår.

Om lag 20 av desse får ein styrke på over 5.0.

Saka vert oppdatert.

SISTE NYTT

Siste nytt