Hopp til innhold

- 50 sivile drepne i Afghanistan

NATO-styrken har drepe meir enn 50 sivile i det austlege Afghanistan dei siste dagane, seier presidenten i landet, Hamid Karzai.

Hamid Karzai

President Hamid Karzai skuldar NATO-styrken for å drepe 50 sivile aust i Afghanistan.

Foto: MASSOUD HOSSAINI / AFP

Dette har skjedd i samband med ein offensiv mot Taliban i området. Hamid Karzai tek sterk avstand frå drapa på sivile, og han seier at han har sett ned eit granskingsutval på regjeringsnivå, som skal reise til området for å etterforske det som har skjedd

- 64 sivile drepne

Tidlegare i dag sa guvernøren i Kunar-provinsen at 64 sivile er drepne i angrep frå NATO-styrken og afghanske regjeringsstyrkar.

Det skal vere mange kvinner og born blant dei drepne i bakke- og flyangrepa i det avsidesliggjande Ghazi Abad-distriktet dei fire siste dagane. ISAF-styrken seier dei ikkje kjenner til at sivile er drepne i angrepa, men at dei vil starte etterforsking av opplysningane.

Ein talsmann for den NATO-leidde ISAF-styrken seier at dei har fått melding om at sju sivile skal ha blitt såra i kamphandlingar i den urolege Kunar-provinsen, men ikkje at nokon er drepen.

- Vi tek opplysningar om sivile dødsfall svært alvorleg. Vi undersøkjer no påstandane, og vi skal rapportere det vi kjem fram til, seier oberst Patrick Hynes ved ISAFs operasjonssentral i Afghanistan.

- Alle bar våpen

Han kan fortelje at dei ut frå videobilete frå våpensystema som vart brukte i operasjonane, kan slå fast at 36 opprørarar, som alle bar våpen, vart drepne i angrepa.

Dette skjer samstundes som Aftenposten har dei siste dagane har lagt fram hemmelegstempla opplysningar om at Norge ville legge lokk på sivile tap og at NATO la lokk på tapstall . I dokumenta kjem det fram at ISAF-styrken skulle ha eit standardsvar når sivile vart ramma.

Det var å beklage sivile tap, å love undersøkingar og uttrykkje støtte til familiane. Samstundes skulle det leggjast vekt på Taliban sin taktikk om å bruke sivile som menneskelege skjold.

I går vart minst 18 drepne i Taliban-angrep mot ein bank i Jalalabad i det austlege Afghanistan, og mange vart såra. Det var fleire sivile blant dei drepne her. Målet for angrepet var afghanske soldatar som var inne i banken for å heve lønningane sine.

LES OGSÅ: Afghansk distriktsguvernør drept

LES OGSÅ: NATO-tankbilar opp i flammar

LES OGSÅ: Norske agenter ble sendt på oppdrag i ni land

LES OGSÅ: Mistenker et femte USA-angrep

LES OGSÅ: Viseguvernør drept i Afghanistan

LES OGSÅ: Flere utenlandske drept i selvmordsangrep i Kabul

SISTE NYTT

Siste nytt