Hopp til innhold

Nord- og Sør-Korea avslutta samtale

Dei militære samtalane mellom Nord- og Sør-Korea er avslutta utan at partane vart samde.

Sør-Korea og Nord-Korea i samtalar 9. februar

Den sørkoreanske obersten Moon Sang-gyun (til venstre) helsar på sin nordkoreankse kollega Ri Son-kwon før samtalane i dag.

Foto: HO / Reuters

Denne veka har militære delegasjonar frå begge land hatt samtalar for første gong sidan det nordkoreanske angrepet på Yeonpyeong 23. november i fjor.

Samtalane gjekk føre seg i småbyen Panmonjom på grensa mellom dei to landa. Formålet med samtalane var å finne ein dato for vidare samtalar på høgare nivå.

Men samtalane braut saman i dag, etter diskusjon om dagsorden, melder det sørkoreanske nyheitsbyrået Yonhap.

Ifølgje en tenestemann i det sørkoreanske forsvarsdepartementet er det ikkje sett ein ny dato for nye samtalar.

Forholdet mellom dei to landa har vore på frysepunktet sidan Nord-Korea senka eit sørkoreansk marinefartøy i mai i fjor.

Sørkoreansk militære passerer grensa til Nord-Korea

Sørkoreansk militære passerer grensa til Nord-Korea

Foto: KIM TAE-HYUNG / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt