Måtte fjerne prest frå homogravferd

Mange var samla for å ta farvel med homofile David Kato.
Foto: MARC HOFER/AfpPolitiet i Uganda måtte fjerne ein prest frå gravferda til homofile David Kato, fordi han sa rett ut til dei sørgjande at homoseksualitet er syndig.
Publisert 28.01.2011 23:19.
- Skriv ut

Dei som hadde møtt fram for å ta farvel, fekk høyre presten tale mot homofili.
Foto: Michele Sibiloni/Ap
Avisa Rolling Stone trykte namn, bilete og adressa til homofile David Kato.
Foto: Stringer/ApFleire hundre menneske hadde møtt opp for å følgje David Kato til grava, etter at han vart drepen onsdag.
Han skulle gravleggjast utanfor familieheimen i Nakawala, om lag 40 kilometer frå hovudstaden Kampala.
Mange frå det homofile miljøet hadde møtt opp, og fleire av dei hadde på seg t-skjorter med bilete av Kato og påskrifta «La luta continua», som betyr «kampen held fram».
Talte mot homofili
Men midt under gravferda starta presten Thomas Musoke å dømme dei homofile, skriv BBC.
– De må vende om. Sjølv dyra veit skilnaden på ein mann og ei kvinne, sa han
Han rakk også å åtvare om at homofile ville få same lagnaden som innbyggjarane i Sodoma og Gomorra, dei bibelske byane som vart øydelagde av Gud, før han vart stansa av folk som storma til.
Presten vart så teken hand om av politiet, og ein prest som tidlegare er lyst i bann for å oppfordre folk til å respektere rettane til homofile, tok så over seremonien.
Bilete i avisa
I fjor saksøkte mannen avisa Rolling Stone i Uganda, etter at dei presenterte han som homofil. Saman med fleire andre namngitte menn, var han avbilda under tittelen «Heng dei!»
Homoseksualitet er forbode i Uganda, og kan bli straffa med 14 år i fengsel. Ein minister i landet har i tillegg ønskt å innføre dødsstraff i nokre saker.
Kato skal ha fått fleire drapstruslar etter at saka stod på trykk. I tillegg til å publisere fullt namn og bilete, skreiv avisa adressa der mannen budde.
Leiinga i avisa har nekta for at det er samanheng mellom deira sak og at Kato vart drepen.

Ein ny prest måtte ta over seremonien etter at han som starta vart bortvist.
Foto: MARC HOFER/AfpTrur ikkje på homo-motiv
Augevitne har sagt til BBC at dei såg ein mann gå inn i huset til Kato, og slo han ihel før han stakk frå staden. Den siste tida har det vore fleire liknande drap i området.
Politiet har arrestert ein person i samband med drapet. Hovudmistenkte er framleis på rømmen. Politiet trur motivet for drapet var eit tjuveri.
– Legninga til Kato har ikkje kome fram som eit tema i etterforskinga, seier polititalsperson Judith Nabakooba til Reuters.
Utanriksminister i USA, Hillary Clinton krev at myndigheitene i Uganda etterforskar drapet og stiller dei skuldige for retten.
FN ber om at folk som blir forfølgde for legninga si i Uganda, må få flyktningestatus i andre land.
Les
Uganda
- Fikk Rafto-prisen søndag kveld
- Al Shabaab truar med terror i Kenya
- USA sender soldater til Uganda
- – Nå skal vi feire Raftoprisen
- Raftoprisen går til Frank Mugisha
- 23 drept i jordskred i Uganda
- Omringet huset til opposisjonsleder
- Skrinla dødsstraff for homofili
- AUF krever stans i Uganda-bistand
- To drept i opptøyer i Uganda
- Etterforsker dødsfall i Uganda
Nyheter fra verden
- – Svenskene er elleville
- Romney og Santorum i klinsj
- – Minst 32 drept i Irak-angrep
- Victoria har født en prinsesse
- Santorum gir minst til veldedighet
- USA: Syria er «skamløst brutale»
- 10 år siden kulene rammet Savimbi
- Minnemarkering for Berserk
- Strauss-Kahn fri etter avhør
- Hosni Mubarak får dommen 2. juni
Neste sending: Urix
Urix
NRK2, torsdag 23.2. kl. 15.10 | Legg i kalender[?]Utenriksmagasin med intervjuer, reportasjer og kommentarer. Programleder: Christian Borch. Det lysner i Somalia - verdens mest kaotiske land. Ennå er millioner på flukt, men islamistene er slått tilbake og en mer normal samfunnsorden vokser frem.
Podkast
http://podkast.nrk.no/program/urix.rss
Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!
Kontakt
E-post: urix@nrk.no
Telefon: 23048000
NRK Nyheter, 0340 Oslo
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.
Neste sending: Verden på lørdag
Nettradio
Podkast
http://podkast.nrk.no/program/verden_paa_loerdag.rss
Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!
Kontakt
E-post: vpl@nrk.no
Telefon: 23048000
NRK Nyheter, 0340 Oslo
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

