Hopp til innhold

– Beklageleg at liv måtte gå tapt

Utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) er spent på kva som vil skje i Egypt framover, men er lei for at demonstrasjonane i landet måtte bli valdelege.

Video 815e83a9-8dd8-4346-b291-1aaf42f2081d.jpg

– Eg beklagar djupt at liv har gått tapt under demonstrasjonane i Egypt, seier Støre.

Demonstrasjoner i Egypt

Store demonstrasjonar i Egypt i kveld. Militæret er kopla inn.

Foto: KHALED DESOUKI / Afp
Mohamed ElBaradei i Kairo

Mohamed ElBaradei er tilbake Egypt, men er sett i husarrest.

Foto: MOHAMMED ABED / Afp

Støre oppfordrar egyptiske styresmakter til å avstå frå valdsbruk.

– Eg beklagar djupt at liv har gått tapt under demonstrasjonane i Egypt, seier Støre.

Han meiner styresmaktene burde tillate fredelege demonstrasjonar og respektere dei grunnleggjande politiske og økonomiske rettane som folk i Egypt har.

I fleire dagar har politiet og demonstrantar barka saman i gatene i dei største byane i landet. I kveld har hæren blitt kopla inn . Fleire menneske er drepne i samanstøytane, og enda fleire er skadde. I tillegg er mange arresterte.

Les: Ingen favoritt til å overta i Egypt | – Det er unge, sultne egyptere som ikke får jobb

– Har rett til å ytre seg

Demonstrantane krev mellom anna større politisk fridom og at spesielle unntakslover som president Hosni Mubarak innførte i 1981, blir avskaffa.

– Ytrings- og forsamlingsfridom er grunnleggjande menneskerettar, og er forutsetningar for ei demokratisk utvikling. Dei omfattande demonstrasjonane kan vi sjå på som eit teikn på at politiske ytringar i avgrensa grad får kome til uttrykk i Egypt, seier utanriksministeren.

Høyr utdrag frå Dagsnytt 18 her:

Spent framtid

Støre meiner det er veldig vanskeleg å spå kva som vil skje framover.

– Når ein mann som Mohammed ElBaradei, blir sett i husarrest, så seier det litt om kva ein kan frykte. Situasjonen er veldig uforutsigbar, seier Støre.

Utanriksministeren gjer merksam på at presidenten har eit stort etteretningsapparat rundt seg, og at Mubarak sjølv kom frå det militære.

– Han vil ha politiet og hæren på si side inntil vidare. Vi må ta sterk avstand frå og beklage det som skjer av vald og av ukontrollerte hendingar rundt om i landet.

Video Brennende kjøretøy på bro i Egypt

– Ingen god dag

På spørsmål om det som skjer i Egypt, er gledeleg, svarar Støre at Noreg har plikt til å anerkjenne folk som sloss for fundamentale rettar, og at Noreg må seie til styresmaktene i dei har ansvar for å leve opp til dei pliktene dei har.

– Men det er jo ikkje ein god dag når ein av dei stolte og store sivilisasjonane må oppleve vald, gateslag, brann og øydeleggingar.

– Bruk fredelege metodar

Også USA er urolege for kva som skal skje i Egypt framover. Utanriksminister Hillary Clinton seier USA følgjer nøye med på valdsbruken i landet.

– Vi ber egyptiske styresmakter om å gjere alt dei kan for å halde sikkerheitsstyrkane i taumane. Samtidig ber vi demonstrantane om å avstå frå valdsbruk, seier ho.

Clinton ber demonstrantane bruke fredelege metodar for å fremje sine krav, og seier USA støttar egyptarane i deira kamp for å få grunnleggjande rettar.

– Folk i Midtausten ser etter måtar å kunne bidra til å byggje ei betre framtid for seg sjølve. Leiarane deira må høyre på desse ønska, og hjelpe til å byggje ei betre framtid for alle, seier Clinton.

Sjå video her:

Video USAs utenriksminister Hillary Clinton om Egypt

USA-utanriksminister Hillary Clinton om Egypt.

SISTE NYTT

Siste nytt