Hopp til innhold

13 fanga i colombiansk gruve

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Fire gruvearbeidarar er døde og 13 er innesperra i ei kolgruve i Colombia etter ein eksplosjon.

– Fire er døde og 13 er innesperra, opplyser ordføraren Yamile Rangel i Sardinata til nyheitsbyrået AFP.

Eksplosjonen skjedde i ei kolgruve i La Presciosa-gruva i Sardinata nordaust i landet

Rangel meiner det er liten sjanse for at dei som er innesperra, vil overleve.

Han opplyser også åtte personar er tekne ut frå gruva, men at det ikkje er kjent om dei er i live eller ikkje.

Eksplosjonen er den siste i ei rekkje eksplosjonar i Sør-Amerika det siste året.

SISTE NYTT

Siste nytt