Hopp til innhold

Veit ikkje kor mange soldatar som er skadde i Afghanistan

Norske soldatar risikerer livet i Afghanistan. Men kor mange som blir skadde, har ikkje Forsvaret kontroll på.

Video Forsvarsminister Grete Faremo

Forsvarminister Grete Faremo (Ap) kan ikkje gi eit svar på kor mange soldatar som er skadde i Afghanistan.

Norske soldatar under trening i Afghanistan

Norske soldatar kan ikkje vere sikre på å bli registrerte i skaderegisteret til Forsvaret om dei blir skadde.

Foto: Lars Magne Hovtun, Forsvaret / SCANPIX

Forsvarsminister Grete Faremo

Forsvarsminister Grete Faremo (Ap) er ikkje nøgd med situasjonen.

Forsvaret opplyser at berre to nordmenn er alvorleg skadde i Afghanistan. Ei teljing VG har gjort, viser at minst 48 soldatar er skadde i teneste i Afghanistan.

Minst 13 av desse skal vere alvorleg skadde og minst åtte av dei er såra i strid. Ein er lam, ein annan blind, ein har misst beinet og ein er 97 prosent invalid.

På forsvaret si oversikt er det 32 såra soldatar. Berre to av dei blir omtalt som alvorleg såra.

– Sjølvsagt ikkje nøgd

Forsvarminister Grete Faremo (Ap) kan ikkje gi eit svar på kor mange soldatar som er skadde i Afghanistan.

– Eg kan ikkje gi eit tal i dag, og det er eg sjølvsagt ikkje nøgd med, seier ho til NRK.

– Kvifor ikkje?

– Vi har ikkje gode nok rapporteringsrutinar som gir oss ei oversikt over det, seier Faremo.

At VG har klart å skaffe ei slik oversikt, som ikkje forsvarsministeren har tilgang til, meiner ho har med ei omlegging av støtteprogrammet for veteranar.

– Før vi har denne modellen på plass, er eg redd vi ikkje kan garantere at vi har denne type oversikter, seier ho.

– Ser ut som ei politisk greie

Anders Grindaker i Veteranforbundet SIOPS reagerer på tala og meiner det er ei skandale at ikkje Forsvaret greier å ha oversikt over kor mange som er skadde.

– Folk får ikkje presentert den reelle rekninga for krigen, ho blir dyssa ned. Det ser ut som det er ei politisk greie, seier han til VG.

Han får støtte frå tidlegare sanitetssjef i Forsvaret, generalmajor og lege Leif Sverre Rosén, som trur Forsvaret gøymer informasjon om soldatar for å få fleire til å verve seg.

– Frykt for dårleg rekruttering av soldatar til teneste i Afghanistan, kan vere ei årsak til at krefter i Forsvaret ønskjer å halde skader og psykologiske følgjetilstandar skjulte, seier han til VG.

Forsvarsministeren avviser at dette er tilfelle.

– Eg meiner vi ikkje har grunnlag for å spekulere i det, seier ho.

Innrømmer manglande kontroll

Forsvaret innrømmer overfor VG at dei ikkje har så god kontroll på skadeomfanget på norske soldatar som dei kunne ønske.

– Vi beklagar at vi har opplyst at berre to soldatar er alvorleg såra, det er feil. Dette var ei oversikt vi skaffa veldig raskt, utan ei medisinsk fagleg vurdering. Det har ikkje vore meininga å føre nokon bak lyset, svarar John Inge Øglend, talsmann for forsvarssjefen.

Av dei skadde soldatane som ikkje står oppførte på lista over alvorleg skadde, er tre som er heidra med forsvarsmedaljen «Såra i strid».

– Det er uheldig, seier Øglend.

Video Skader på soldater i Afghanistan

Sjå videoinnslag om Forsvaret og dei skadde soldatane.

Oversikt over fotsopp

Forsvaret viser til ein statistikk der 495 står oppførte med lege- og sjukehusbesøk. Men av desse er det alt frå allergi til brannskader - og ei oversikt over fotsopp på norske soldatar.

Vikarierande sanitetssjef Per William Brattlie-Jensen innrømmer at statistikken seier lite om skadesituasjonen i Afghanistan.

– Desse tala er ikkje presise, for det er så veldig mange feilkjelder, seier han.

Heller ikkje Brattlie-Jensen kan svare på kor mange soldatar som er alvorleg skadde i Afghanistan.

Norsk soldat speidar etter farer i Afghanistan

Norske soldatar speidar etter farer i Afghanistan.

Foto: Lars Magne Hovtun, Forsvaret / SCANPIX

SISTE NYTT

Siste nytt