Hopp til innhold

Første kvite jul på 128 år

Den amerikanske storbyen Atlanta i delstaten Georgia har opplevd si første kvite jul på 128 år.

Det er uvanleg med snø i dei amerikanske sørstatane, der snøen la seg til stor glede i alle fall for dei yngste innbyggjarane.

Innstilte flygingar

Men det blei store problem i trafikken både til lands og i lufta.

Flyselskapet Delta Airlines måtte kansellere 300 flygingar til og frå flyplassen i Atlanta i går, og det er venta at problema vil halde fram i dag.

Fornøgd isbadarklubb

Snø og kulde har også skapt store problem i Europa, men snøen og kulden har også vore til glede for mange, blant anna for medlemene i isbadarklubben i Berlin. Elles var den tyske jula prega av store snømengder og mange utforkøyringar.

Også fleire andre stader i verda har det vore ei uvanleg kald jul, blant anna i den indiske storbyen Delhi.

SISTE NYTT

Siste nytt