Hopp til innhold

Bomber mot kyrkjer og julegater

Minst 38 menneske er drepne i angrep mot kristne i to nigerianske byar i samband med julefeiringa. Minst to kyrkjer er sette i brann.

Lokale politikarar ser på ein utbrend bil framfor ei baptistkyrkje i Maiduguri.

Lokale politikarar ser på ein utbrend bil framfor ei kyrkje i Maiduguri nord i Nigeria.

Foto: AMINU ABUBAKAR / Afp

Ein skadd mann på sjukehuset i Jos.

Ein av dei mange såra etter angrepa i Jos i Nigeria julaftan.

Foto: AMINU ABUBAKAR / Afp

74 mennske er såra i angrepa, og tilstanden er kritisk for mange av dei, melder nyheitsbyrået Reuters.

I byen Jos i det sentrale Nigeria vart det meldt om sju eksplosjonar i løpet av kort tid julaftan. 32 menneske vart drepne her. Mange av dei drepne og såra var ute og handla til jul då bombene eksploderte.

LES OGSÅ: Frykt for nye uroligheter i Nigeria

LES OGSÅ: Tid for begravelser i Nigeria

Angrep på to kyrkjer

I byen Maiduguri i det nordlege Nigeria gjekk mistenkte medlemer av ei islamsk sekt til angrep på minst to kyrkjer. Seks menneske vart drepne, og minst ei av kyrkjene vart sett i brann.

Nigerias president Goodluck Jonathan har fordømt angrepa på det sterkaste, og han lovar at alt skal bli gjort for at dei skuldige skal bli stilde til ansvar for ugjerningane.

Nigerias president Goodluck Jonathan.

Nigerias president Goodluck Jonathan lovar å straffe dei som står bak angrepa julaftan.

Foto: AFOLABI SOTUNDE / Reuters

Hærsjefen i Nigeria, Azubuike Ihejrika, seier at det ikkje er noko som tyder på at angrepa i dei to byane har noko med kvarandre å gjere, eller at dei er religiøst motiverte.

- Dette er terrorisme, og det er ille at dette skjer, seier han.

Ein lokal guvernør seier at angrepa julaftan vart sette i verk av grupper som vil spele kristne og muslimar opp mot kvarandre, og på denne måten starte ein ny runde med religiøse og etniske samanstøytar.

LES OGSÅ: Fant 150 lik i brønner i Nigeria

LES OGSÅ: – 192 er drept i kamper mellom muslimer og kristne

Etniske og religiøse motsetnader

I dei første månadene i år var det alvorlege samanstøytar mellom kristne og muslimar i Nigeria, og spesielt ille var det i Jos og området rundt. Fleire hundre menneske vart drepne i uroa, som skjedde i eit område der det muslimske Nord-Nigeria møter det kristne Sør-Nigeria.

Lokale menneskerettsgrupper seier at 1500 menneske er drepne i Jos-området hittil i år, der mange politiske leiarar er kjende for å fyre opp under etniske og religiøse motsetnader.

Det bur 150 millionar menneske i Nigeria, som er det mest folkerike landet i Afrika. I hovudsak er den nordlege delen av landet muslimsk, medan dei kristne dominerer i sør.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

LES OGSÅ: 165 drept i Nigeria

SISTE NYTT

Siste nytt