Hopp til innhold

Endeleg fekk Irak ny regjering

Det irakiske parlamentet har i ettermiddag godkjent noverande statsminister Nuri al-Maliki som statsminister for ein ny periode.

Iraks statsminister får fornyet tillit

Nuri al-Malaki er godkjend for ein ny periode som statsminister i Irak.

Foto: THAIER AL-SUDANI / Reuters

Dette blir den sjiamuslimske politikaren sin andre periode i statsministerestolen.

Godkjenninga av Maliki kjem etter ni månader med politisk stillstand og taudraging i Irak, der representantane i parlamentet ikkje har greidd å bli samde om ei ny regjering.

Ingen av partia fekk fleirtal ved valet i mars, og valet viste tydeleg dei djupe politiske, religiøse og geografiske skillelinene i irakisk politikk.

Maliki la i dag fram eit program på 43 punkt som regjeringserklæring, der liberalisering av økonomien og kamp mot terrorisme er viktige berebjelkar.

Ved valet i mars blei blokka til tidlegare statsminister Iyad Allawi største i det nye parlamentet med 91 av i alt 325 plassar. Blokka til Maliki fekk 89 plassar, og begge var avhengige av støtte frå andre grupper for å kunne danne regjering.

Begge gruppene prøvde, men det kom ikkje til noko gjennombrot før det vart semje om eit program for maktdeling i november. Dette opna vegen for ei ny regjering leidd av Nuri al-Maliki.

LES OGSÅ: Irakisk statsminister får ny tillit

LES OGSÅ: Klart for bred samlingsregjering i Irak

LES OGSÅ: Iraks parlament omsider samlet

LES OGSÅ: Hundrevis drept på USAs kontrollposter i Irak

LES OGSÅ: USA forlater et Irak på vippepunktet

SISTE NYTT

Siste nytt