Hopp til innhold

Sverige - Ikkje me som anka

Det rår full forvirring om kven som anka rettsavgjersla mot Julian Assange tysdag.

Advokat Mark Stephens

Advokaten til Julian Assange, Mark Stephens, kallar ankerotet for 'fishy'.

Foto: ANDREW WINNING / Reuters

Tysdag blei retten si avgjersle om å lauslata Wikileaks-grunnleggjar Julian Assange anka. Den britiske advokat Gemma Lindfield opplyste kort tid etter rettsmøtet at det var den svenske påtalemakta som anka.

Dermed måtte Assange tilbake i fengsel, fram til det i dag blei heldt ein rettsrunde nummer to i Royal Courts of Justice i London.

Men retten opprettheldt i dag avgjersla til Westminster Magistrate`s Court. Assange vil difor gå fri i løpet av kort tid.

– Britane som anka

Samstundes opplyser Sky News i dag at det ikkje var Sverige som anka den førre rettsavgjersla, slik det tidlegare var meld.

Kommunikasjonsdirektør ved den svenske påtalemakta, Karin Rosander, seier til kanalen at det derimot var Storbritannia som anka.

– Avgjersla hadde ingenting med Sverige å gjera, seier Rosander.

Ifølgje kommunikasjonsdirektøren har den svenske påtalemakta ikkje makt til å ta avgjersler i rettssaker som vert førte på britisk jord.

– Det er Storbritannia som har anka - ikkje Sverige, uttaler Rosander til avisa The Guardian.

– Ugler i mosen

–Assange sin advokat, Mark Stephens er sjokkert over dei nye opplysningane.

– Spørsmålet er kvifor den britiske påtalemakta sjølv står bak anken, når dei tysdag sa at det var svenske styresmakter som motsette seg lauslating mot kausjon, sa Stephens til Bloomberg i går.

– Her er det ugler i mosen. Heile saka stinkar, la han til.

Assange blei sett i varetekt i Storbritannia fordi han er sikta for seksuelle overgrep mot to kvinner i Sverige, og svenske styresmakter ønskjer å få han utlevert.

SISTE NYTT

Siste nytt