Hopp til innhold

25 døde i fabrikkbrann i Bangladesh

Dødstala fortset å stiga etter at det oppstod panikk under ein brann på ein klesfabrikk i Bangladesh tysdag.

Dødsbrann i Bangladesh

Brannar som følgje av kortslutningar og elektriske feilkoplingar er vanleg i Bangladesh. Tysdag er minst 25 døde etter at det braut ut brann i ein klesfabrikk i Ashulia.

Foto: ANDREW BIRAJ / Reuters

Så langt har polititet stadfesta at 25 personar har omkomme i den kraftige brannen.

– Mange av dei døde mista livet då dei hoppa frå taket på den 11 etasjar høge bygningen, opplyser politisjefen ved Dhaka politidistrikt, Iqbal Bahar til AFP.

Over 10 000 tilsette

BANGLADESH-FIRE/

Tilsette ved tekstilfabrikken i Ashulia flyktar frå brannen.

Foto: ANDREW BIRAJ / Reuters

Brannen braut ut i kantina i ein stor klesfabrikk i nærleiken av den bangladeshiske hovudstaden Dhaka, opplyser lokale fjernsynsstasjonar tysdag, ifølgje Reuters.

Fabrikken har over 10 000 tilsette, dei fleste kvinner. Minst hundre er skadde, både av røyken og i panikken som oppstod. For mangen av dei er tilstanden kritisk.

Brannmannskap brukte fem timar på å sløkkja dei store flammane, og redningsarbeidarar fraktar framleis skadde ut av bygget.

Trur dødstala vil stiga

Tusenar av innesperra arbeidarar vart evakuerte frå fabrikkanlegget som ligg i Ashulia, 25 kilometer nord for hovudstaden.

Politi og redningsmannskap held no fram med å søkja etter overlevande og omkomne.

Dødstala vil truleg stiga i løpet av dei kommande timane, opplyser mannskapen til Reuters.

Mange døyr

Bangladesh

Kvinner i arbeid på klesfabrikken i Ashulia, Bangladesh, der ein kraftig brann har teke minst 20 menneskeliv (arkivfoto).

Foto: MUNIR UZ ZAMAN / Afp

Brannar som følgje av kortslutningar og elektriske feilkoplingar er vanleg i Bangladesh, som er eitt av verdas fattigaste og tettast befolka land.

Mange arbeidarar mistar livet kvart år.

Klesindustrien i Bangladesh sysselset tre millionar menneske. Dei lågtløna arbeidarane har 12-14 timars arbeidsdagar og jobbar generelt under dårlege arbeidsforhold.

Fabrikken som tysdag vart råka av ein dødsbrann tilhøyrer Hamim Group, som totalt skal ha 14.000 tilsette, ifølgje AFP.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt