Hopp til innhold

USA trur på fredsavtale i 2011

- USA trur framleis det er mogleg å få til ein fredsavtale mellom Israel og palestinarane i løpet av 2011, seier talsmann for amerikansk UD, Philip Crowley.

Philip J. Crowley er talsmann i amerikansk UD.

Amerikanske styresmakter trur framleis på ein avtale mellom Israel og palestinarane i 2011, seier UD-talsmann Philip J. Crowley.

Foto: MANDEL NGAN / Afp

George Mitchell

George Mitchell reiser til Midtausten for å snakke med partane komande veke.

Foto: MARY ALTAFFER / AP

Philip Crowley seier også at USAs spesialutsending for Midtausten, senator George Mitchell, vil reise til Midtausten i komande veke for å snakke direkte med partane.

Crowley gjer det også klart at USA ikkje godtek den israelske busetjingspolitikken, trass i at landet har gitt opp forsøket på å få Israel til å innføre ein pause i bygging på okkupert område.

Fredsforhandlingane mellom Israel og palestinarane er inne i ei djup krise etter at Israel nekta å stanse bygginga i busetjingar på Vestbreidda og i Aust-Jerusalem.

LES OGSÅ: - USA gir opp israelsk byggjestans

LES OGSÅ: - USA klarte ikke overtale Israel

- Har ikkje gitt opp

- Det seier seg sjølv at det vil krevje mykje hardt arbeid å få til ein fredsavtale, det blir alt anna enn lett, men vi har ikkje gitt opp det målet vi har sett oss om å få til ein avtale før august 2011, seier han.

Palestinernes sjefsforhandler Saeb Erekat

Saeb Erekat vil at USA skal godkjenne ein palestinsk stat innanfor 1967-grensene.

Foto: Cris Bouroncle / Scanpix/AFP

I går vart det klart at USA har gitt opp forsøket på å få Israel til å innføre byggjestans i busetjingane på Vestbreidda, etter å ha prøvd hardt i fleire veker. Dette har vekt sterke reaksjonar hos dei palestinske leiarane.

Den palestinske presidenten Mahmoud Abbas har sett som vilkår for å halde fram dei direkte fredsforhandlingane med Israel at landet stansar byggjeaktiviteten på palestinsk jord.

Den palestinske sjefsforhandlaren Saeb Erekat sa i ettermidag at dei no håpar på at USA skal godkjenne ein palestinsk stat innanfor grensene frå før krigen i 1967. Mahmmoud Abbas, som er på offisiell vitjing i Hellas, seier at fredsprosessen no er i alvorleg krise.

Palestinske kjelder seier i kveld at Erekat skal møte USAs utanriksminister Hillary Clinton i Washington i løpet av dei neste 48 timane. Også Israels forsvarsminister Ehud Barak står på reisefot til Washington.

LES OGSÅ: – Derfor var Oslo-avtalen feilslått

LES OGSÅ: Netanyahu avviser byggekritikk

USA og EU

Mamhoud Abbas og Georgios Papandreou i Aten.

Mahmoud Abbas (t.h.) bad den greske statsministeren Georgios Papandreou om støtte under eit møte i Aten onsdag.

Foto: STR / Afp

I samtalar med den greske statsministeren Georgios Papandreou sa han i dag at EU ville engasjere seg sterkare i forhandlingane, og at det er viktig at EU og USA saman arbeider for opprettinga av ein palestinsk stat.

Abbas bad også om at Hellas, saman med andre vener i Europa, godkjenner ein palestinsk stat innanfor 1967-grensene.

Torsdag reiser Abbas til Cairo for å ha samtalar med den egyptiske presidenten Hosni Mubarak. I helga skal utanriksministrane i medlemslanda i Den arabiske liga diskutere situasjonen i eit møte i den egyptiske hovudstaden

LES OGSÅ: Svekket i troen på palestinsk stat

LES OGSÅ: – Gir USA en måned på å løse opp fredsfloken i Midtøsten

SISTE NYTT

Siste nytt