Hopp til innhold

Mastercard-nettsidene er nede

Nettsidene til Mastercard er nede, og tilhengjarar av Wikileaks-grunnleggar Julian Assange seier dei står bak.

Mastercard-nettsida er nede

Mastercard-nettsida er nede. Hackarar påstår at dei står bak.

Nettsidene til Mastercard, www.mastercard.com, er ikkje tilgjengelege tysdag ettermiddag.

Dette er eit hackerangrep mot kredittkortfirmaet. Det er tilhengjarar av Wikileaks som står bak, melder nettstaden TechCrunch.com.

Nettaktivistar som går under namnet Anonymous truga tidlegare denne veka med å angripe fleire nettsider etter at pengeoverføringane til Wikileaks vart stansa. Det ser ut som denne gruppa har regissert angrepet mot Mastercard, skriv The Guardian.

Dei melder også at angrepet først vart meldt på twitter i føremiddag av ein brukar med namnet @Anon_Operation.

Ifølgje Sky News er også betalingsnettsida PayPal under angrep i dag.

Twitter neste?

The Atlantic skriv at Twitter kan vere neste mål. I fleire dagar har Wikileaks-tilhengjarar meint at nøkkelorda «Wikileaks» og «Cablegate» blir haldne ute frå topplista.

– Twitter, de er neste mål fordi de sensurerer #Wikleaks-diskusjonar, melder aksjonen.

Twitter-talsmann Matt Graves avviser at Twitter sensurerer topplista.

– Topplista er laga for å hjelpe folk å sjå dei største nyheitene i verda til ei kvar tid. Lista blir laga etter ein formel som kjenner att det som blir snakka meir om akkurat no i forhold til tidlegare, skriv han til The Atlantic.

Hemnar Assange-arrest

Fotografar prøver å ta bilete av Julien Assange

Fotografar prøver å ta bilete av Julien Assange, som dei trur blir frakta vekk i denne fangebilen i går.

Foto: SUZANNE PLUNKETT / Reuters

Assange vart pågripen i går og sit varetektsfengsla i ei veke . Både Visa og Mastercard stansa alle pengeoverføringar til Wikileaks etter at Assange vart pågripen.

Folk som støttar «Operation Payback» skal også ha klart å krasje heimesida til den sveitsiske banken PostFinance som har stengt bankkontoen til Julian Assange.

Denne type angrep blir utførde ved å sende så mange førespurnader til ein nettserver at han ikkje greier å svare. Dette blir kalt eit «Denial of Service»-angrep.

Serie av angrep

I dag tidleg vart også heimesidene til advokatfirmaet Borgström & Bodström som representerer kvinnene som politimeldte Assange utsette for hackerangrep, melder Aftonbladet.se.

Nettavisa meiner dette er ein del av angrepet «Operation Payback». Angrepet skal vere utført på same måte som eit angrep mot den svenske påtalemakta vart utført i går .

– Dette er nytt for meg. Eg kjenner at eg er teken på senga her, seier Claes Bergström til Aftonbladet.

Han representerer dei to kvinnene som har politimeldt Assange.

– Eg tenkjer først og fremst på klientane mine, to kvinner som blir dregne inn i verdspolitikken utan at dei kan gjere noko med det. No blir til og med deira advokatar utsette for angrep. Det er fullstendig meiningslaust, seier Borgström.

Claes Bergstöm representerer dei to kvinnen som politimeldte Assange

Claes Bergstöm representerer dei to kvinnen som politimeldte Assange

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp

– Trygt for kundane

NRK har ikkje fått kontakt med nokon i Mastercard som kan seie kva som har skjedd.

Anders Bigseth i betalingskortfirmaet Teller seier at han ikkje kjenner til at nettsidene skal vere under angrep.

– Eg trur ikkje det har noko å seie for korttryggleiken for kundane, seier han til NRK.no.

Samtidig går det rykte om at heile det norske betalingssystemet for kort er råka av hackerangrep, melder nettavisa NA24.

– Vi har ikkje registrert noko angrep mot våre betalingssystem i Noreg. Her går transaksjonane som normalt, seier Sigbjørn Larsen i Nets til NRK.no.

Protesterer mot pågripinga av Assange

USA bjeffar og Sverige lograr med halen, hevdar denne kvinna som protesterte mot fengslinga av Assange i går.

Foto: Lefteris Pitarakis / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt