Hopp til innhold

Kina stadfestar Korea-kritikk

Kina støttar ei uavhengig og fredeleg samling på den koreanske halvøya, seier kinesiske talsmenn i Europa i dag.

Talsmann for kinesisk utanrikspolitikk, Hong Lei

Talsmann for kinesisk utanrikspolitikk, Hong Lei, ber USA om å behandle lekkasjane frå Wikileaks på ein ordentleg måte.

Foto: FREDERIC J. BROWN / Afp

Nord-Koreas øvste leiar Kim Jong-il

Kina har problem med å halde styr på sine allierte i Nord-Korea. Her ved Kim Jong-il.

Foto: PETAR KUJUNDZIC / Reuters
Demonstrasjon mot Nord-Korea i Seoul.

Demonstrantar i Sør-Korea viser kva dei meiner om dei nordkoreanske leiarane.

Foto: Ahn Young-joon / Ap

I går kom det fram i Wikileaks-dokument at Kina nermar seg å akseptere ei samling på den koreanske halvøya, og at dei ser på Nord-Korea som ein bortskjemd unge.

I dag stadfestar kinesarane dette.

­– Vi har ikkje råd til å gi regimet i Nord-Korea inntrykk av at dei kan gjere som dei vil, seier dei til The Guardian.

– Blir berre verre

Dei anonyme kjeldene som uttaler seg til avisa seier at Kina sitt mål alltid har vore å få til ei samling på lang sikt.

Men i det siste har Nord-Korea påført kinesarane frustrasjon med både granatangrep og atomvåpentest.

Kjeldene seier at Kina må vere forsiktige om dei ønskjer å oppretthalde sitt vennskap med Pyongyang, og at dei ikkje ønskjer å bli lurte av Nord-Korea.

– Vi har ingen effektiv måte å påverke dei. Nokre gonger når vi prøver, gjer vi berre ting verre, seier ein av dei.

– Målet er samling

No diskuterer kinesarane korleis dei skal forholde seg til Nord-Korea.

Den gamle allierte skapar sterke kjensler både hos leiarane og folk i Kina, men det er grenser for kor mykje Kina kan tole, seier ei av kjeldene.

Dei seier likevel at det er viktig å skilje mellom meiningane til enkeltpersonar og politikken som Kina faktisk fører.

Dei seier også at dei ikkje har tru på ei snarleg løysing og at Kina først og fremst ønskjer å roe ned gemyttane, starte ny dialog og halde regionen stabil.

Sørkoreanere ønsker fred

Sørkoreanere demonstrerer for fred på halvøya.

Foto: Ahn Young-joon / Ap

– Kan utsetje brot

Den tidlegare britiske utanriksministeren Malcolm Rifkind seier han trur Kina vil bli veldig sinte etter avsløringane om at Kina prøver å endre si haldning til Nord-Korea.

Han meiner det er trist om lekkasjane skal utsetje ei historisk endring i Kina sin politikk.

– Om Kina har planar om å endre si haldning overfor Nord-Korea, og i tillegg vil støtte ei samling på halvøya, vil denne avsløringa ha satt prosessen fleire år tilbake. Det viser kor mykje skade slike lekkasjar kan føre til, seier Rifkind i eit intervju med Today Programme.

Senioforskar Sverre Lodgaard ved NUPI meiner dette neppe er ei overrasking for Nord-Korea, og seier dokumenta berre stadfestar det Nord-Korea visste frå før.

– Kina er ikkje motstandarar av samling, men det samla Korea må vere atomfritt - alle vil jo det. At dei distanserer seg frå Nord-Korea er også noko vi veit frå før, seier Lodgaard til Dagbladet.

Kim Jung-il møtte Hu Jintao i august

Kina-president Hu Jintao møtte den nordkoreanske leiaren Kim Jung-il i august.

Foto: CCTV / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt