Hopp til innhold

- Nord-Korea ein bortskjemd unge

Kina ser ikkje lenger på Nord-Korea som ein truverdig alliert, og meiner landet oppfører seg som ein bortskjemt unge, går det fram av Wikileaks-lekkasjar.

Nord-Koreas øvste leiar Kim Jong-il

Kina er lei av den eigenrådige politikken til Kim Jong-il og Nord-Korea.

Foto: PETAR KUJUNDZIC / Reuters

Demonstrasjon mot Nord-Korea i Seoul.

Demonstrantar i Sør-Korea viser kva dei meiner om dei nordkoreanske leiarane.

Foto: Ahn Young-joon / Ap

Kina har vore Nord-Koreas viktigaste støttespelar. Men avsløringar frå Wikileaks viser at Beijing er i ferd med å bli kraftig lei av dei mange militære provokasjonane frå Nord-Korea. Kina har også gitt signal om at dei vil godta ei gjenforeining av Korea under sørkoreansk administrasjon.

Det går også fram at Kina har rekna med at regimet i Pyongyang vil kollapse når den noverande leiaren, Kim Jong-il,døyr.

Desse lekkasjane er frå fleire månader før dei siste dramatiske hendingane i Gulehavet.

LES OGSÅ:

LES OGSÅ:

Ber om forhandlingar

Kina bad i dag igjen om forhandlingar med Nord-Korea i regi av sekslandssgruppa som også tidlegare har forhandla om det nordkoreanske atomprogrammet. Kina arbeider no aktivt for å få til ei diplomatisk løysing på den spente situasjonen på den koreanske halvøya.

Talsmann Hong Lei i kinesisk UD.

Talsmann Hong Lei i kinesisk UD ber om hastesamtalar om Nord-Korea.

Foto: FREDERIC J. BROWN / Afp

Den britiske avisa The Guardian refererer til hemmelege dokument frå amerikanske diplomatar, baserte på samtalar med blant anna sørkoreanske og kinesiske politikarar og tenstemenn.

* Sør-Koreas viseutanriksminister fortel at han vart fortalt av to namngitte kinesiske tenestemenn at dei meiner at Korea burde bli eitt land igjen med Seoul som hovudstad. Og dette synspunktet får stadig sterkare støtte blant kinesiske leiarar, heiter det.

LES OGSÅ: –Har diskutert nordkoreansk kollaps

LES OGSÅ: – Iran fikk raketter av Nord-Korea

Merksemd frå USA

* Kinas viseutanriksminister sa til amerikanske tenestemenn at Nord-Korea oppfører seg som ein bortskjemt unge for å få merksemd frå USA. Dette kom fram då Nord-Korea gjennomførte rakett-testar i Gulehavet i 2009.

Kim Jong-il og Kinas president Hu Jiangto 5. mai 2010.

Ikkje så hjarteleg likevel? Her er Nord-Koreas leiar Kim Jong-il og Kinas president Hu Jianto i Beijing i mai i år.

Foto: KNS / Afp

* Ein kinesisk ambassadør sa at det nordkoreanske atomprogrammet var ein trussel mot tryggleiken til heile verda.

* Kinesiske diplomatar skal ha sagt at Nord-Korea ikkje lenger er viktig som ein bufferstat som amerikanske interesser, men at landet ikkje vil godta amerikanske soldatar nord for den noverande grenselina.

* Nord-Korea skal ved fleire høve ha prøvd å spele Kina og USA opp mot kvarandre

- Ikkje nyttig og truverdig

Sør-Koreas dåverande utanriksminister Chun Yung-woo fortalde til den amerikanske ambassadøren i februar i år at han hadde fått signal frå Kina om at særleg den yngre delen av dei kinesiske leiarane ikkje lenger såg på Nord-Korea som ein korkje nyttig eller truverdig politisk alliert.

Det var også gitt signal om at Kina ikkje vil risikere ein væpna konflikt på den koreanske halvøya.

Hektisk aktivitet på flydekket til hangarskipet "George Washington".

Hektisk aktivitet på det amerikanske hangarskipet 'George Washington', som deltek i ei marineøving i Gulehavet.

Foto: PARK JI-HWAN / Afp

Dei same kjeldene gjorde det klart at Kina ikkje var interessert i å engasjere seg militært i Nord-Korea dersom regimet der skulle kollapse. Dei gjorde det klart at dei viktigaste økonomiske samarbeidslanda for Kina no var USA, Japan og Sør-Korea, og ikkje Nord-Korea.

- Når ikkje fram

Men ein annan høgtståande kinesisk tenestemann åtvarar mot å tru at Kina har stor innverknad på nordkoreansk politikk. Han har fortalt ein sørkoreansk diplomat at Kina ikkje greier å overtale Nord-Korea om å endre politikken sin.

- Beijing har langt mindre innverknad på nordkoreansk politikk enn mange ser ut til å tru, heiter det.

Signal frå Kina tyder også på at opinionen i Kina blir stadig meir kritisk til Nord-Korea, og tenestemannen seier at dette har ført til ei endring av den kinesiske politikken overfor regimet i Pyongyang.

Demonstrasjon i Seoul med krav om angrep på Nord-Korea.

Demonstrasjon i Seoul med krav om angrep på Nord-Korea.

Foto: Ahn Young-joon / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt