Hopp til innhold

– Han dreg Tyrkia mot islamisme

Wikileaks-dokument teiknar bilete av eit skrantande forhold mellom USA og Tyrkia. Statsminister Recap Erdogan blir skulda for å orientere seg mot islamisme.

Recep Tayyip Erdogan

Diplomatar meiner statsminister Recep Erdogan dreg landet i islamistisk retning. Her kysser han koranen.

Foto: MAHMOUD ZAYAT / Afp

Lekkasjar frå Wikileaks avslører eit samansett og ofte vanskeleg forhold mellom USA og Tyrkia.

Forholdet mellom landa blir omtalt som eitt av dei viktigaste i verda, men dei siste åra har amerikanske diplomatar blitt meir og meir bekymra for at statsminister Recep Tayyip Erdogan skal dra landet i ei meir islamistisk retning, skriv CNN.

Kranglar om sladder

I eitt av WIkileaks-dokumenta som har lekka ut, blir det referert frå ein krangel mellom ein USA-ambassadør i Ankara og ein erfaren tyrkisk diplomat i oktober 2009.

Ifølgje lekkasjen gjekk Irak-ambassadøren James Jeffrey til angrep på kommentarar frå Erdogan om at det iranske atomprogrammet var laust snakk.

«Medan han heldt ein kopi av papira der president Obama fordømde dei kjernefysiske ambisjonane til Iran, spurde ambassadøren Sinirlioglu (viseutanriksminister) om dette var det sladderet Erdogan hadde referert til», skreiv Jeffrey.

I andre dokument går det fram at tyrkiske diplomatar har vanskar med å innrømme at atomvåpenprogrammet til Iran er ein trussel.

Recep Tayyip Erdogan

Tyrkisk statsminister Recep Erdogan.

Foto: MOHAMED AZAKIR / Reuters

Arbeidsnarkoman perfeksjonist

I eitt av dokumenta blir Erdogan omtalt som ein isolert person.

«Ifølgje våre kontakter, les Erdogan minimalt, og det meste av det han les, er islamvennlege artiklar», står det.

Han blir vidare omtalt både som ein arbeidsnarkoman perfeksjonist og menneskekjær patriark.

Men det blir også via større plass til Erdogan sitt syn på islamisme.

Ein ambassadør klagar Erdogan for å vere fundamentalist. «Han hatar oss av religiøse grunnar», skriv han.

USA-ambassadør James Jeffrey

Ambassadør James Jeffrey trur ikkje at Tyrkia vil ofre samarbeidet til Vesten for å tilpasse seg muslimske verdiar.

Foto: Maya Alleruzzo / Ap

Skryt for NATO-samarbeid

I dokumenta får Erdogan samtidig kreditt for å ha samanfallande interesser med NATO: Tyrkia er motvekt til Iran i regionen og dei har sendt soldatar til Afghanistan.

Og i januar i år skreiv Jeffrey:

«Betyr dette at landet blir meir fokusert på den islamistiske verda og sine muslimske tradisjonar i utanrikspolitikken? Absolutt. Betyr det at dei ønskjer å forlate tradisjonell vestleg orientering og ikkje lenger har vilje til å samarbeide med oss? Absolutt ikkje.»

Dokumenta vart sleppte samtidig som USA-utanriksminister Hillary Clinton møtte sin tyrkiske kollega Ahmet Davutoglu i dag.

SISTE NYTT

Siste nytt