Hopp til innhold

Carl Gustaf er mindre populær

Oppslutninga om svenskekongen blir stadig dårlegare, viser ei måling som er gjort for avisa Dagens Nyheter.

Sveriges kong Carl Gustaf under avslutningsseremonien
Foto: GABRIEL BOUYS / AFP

Målinga viser at 51 prosent meiner at kongen bør bli sitjande, mot 64 prosent i februar.

Over 30 prosent av dei spurde meiner at Carl Gustaf bør abdisere og overlate trona til kronprinsesse Victoria.

I februar var det berre ein av seks som meinte dette. Målinga seier ikkje noko om kva som er årsaka til den synkande populariteten.

SISTE NYTT

Siste nytt