Hopp til innhold

Millionar steina djevelen i Mina

Det var i dag ei endelaus kø av muslimske pilegrimar på veg opp til Mina-dalen utanfor Mekka for å delta i den symbolske steininga av djevelen

Video Millionar steina djevelen

VIDEO: Sjå dei enorme menneskemengdene

Rundt 2,8 millionar pilegrimar deltek på den store hajj-festen i Saudi-Arabia i år, og av dei er det to millionar utlendingar. Dette er den største pilegrimsferda i verda. I går markerte pilegrimane det som blir rekna som høgdepunktet under pilegrimsferda, turen opp til fjellet Arafat.

LES OGSÅ: På chartertur til det aller helligste

På veg til steining av djevelen.

Enorme menneskemengder på veg for å delta i den symbolske steininga av djevelen.

Foto: MUSTAFA OZER / Afp

Den symbolske steininga av djevelen har fleire gonger tidlegare ført til alvorlege ulukker, men det er ikkje meldt om uhell hittil i år. Styresmaktene i Saudi-Arabia har gjort mykje for å utbetre forholda, og det er no mykje betre plass på steiningsstaden enn det har vore tidlegare.

Blant anna er steinen som symboliserer djevelen utvida slik at det er blitt til ein enorm vegg. Ifølgje Koranen var det her profeten Mohammed møtte djevelen.

I 2006 vart 364 menneske trampa ihel under steininga, 251 i 2004 og 1426 i 1990.

Politiet heldt god orden på den enorme køen av pilegrimar, som alle har med seg små vesker med småstein som dei nyttar under steininga. Politiet passa på at alle gjekk rette vegen, og at ingen vart verande for lenge på steiningsstaden.

Etter steininga deltek pilegrimane i den rituelle ofringa av eit dyr, gjerne eit lam, som markerer den tredje dagen av hajj, som endar opp i den store muslimske festen Eid al-Adha, eller Idd al-Adhan som festen også blirkalla.

Denne festen blir markert over heile den muslimske verda, også av muslimar i ikkje-muslimske land.

Pilergim blir barbert på hovudet i samband med Hajj.

Mange pilegrimar barberer seg på hovudet etter steininga.

Foto: MUSTAFA OZER / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt