Hopp til innhold

Frie etter eitt år hos sjørøvarar

Det britiske ekteparet Paul og Rachel Chandler er sette fri, etter å ha vore haldne fanga av somaliske piratar i over eitt år.

Video 0230f443-1cc6-41fc-953f-44f78a459267.jpg

Ekteparet Chandler vart i dag sette fri etter å ha vore haldne fanga av somaliske piratar.

Seilbpåten "Lynn Rival".

Dette er seilbåten 'Lynn Rival', som vart kapra av somaliske piratar i oktober i fjor.

Foto: HO / AFP

Dei to pensjonistane var på tur med den 38 fot lange seilbåten sin «Lynn Rival» då dei vart kapra utanfor Seychellene i Indiahavet 23. oktober i fjor.

Mohammed Aden Ticey, ein høgtståande tenestemann i den somaliske byen Adado, opplyser at det britiske pensjonistekteparet vart sett fri i dag tidleg etter at det vart utbetalt løysepengar.

- Ekteparet Chandler er hos meg no. Dei er fri og trygge, seier han til nyheitsbyrået Reuters.

Rachel Chandler stadfestar på telefonen at dei er sette fri, og at dei er svært glade. Det blir henta av eit fly som kom til Adado tidlegare i dag.

Det er uklart kor mykje det er betalt i løysepengar for det britiske ekteparet.

LES OGSÅ: Kidnappet britisk par ber om øyeblikkelig hjelp

LES OGSÅ: Sjørøvere reduserer pengekrav

LES OGSÅ: Sjørøvere reduserer pengekrav

LES OGSÅ: Kaprere krever 40 millioner

LES OGSÅ: - Ble kapret mens vi sov

Rachel og Paul Chandler

Rachel og Paul Chandler før dei la ut på seilturen.

Foto: AP

SISTE NYTT

Siste nytt