Hopp til innhold

Aung San Suu Kyi er sett fri

Aung San Suu Kyi er sett fri frå husarrest, seier ein representant for regjeringspartiet.

Tilhengjarar ventar utanfor heimen til Aung San Suu Kyi.

Tilhengjarar ventar utanfor heimen til Aung San Suu Kyi utanfor Rangoon.

Foto: Khin Maung Win / Ap

Aung San Suu Kyi-tilhengjar

Tilhengjarane tel timar til at Aung San Suu Kyi skal setjast fri.

Foto: STR / Afp

Det starta med at politifolk byrja å fjerne sperringar og barrikadar frå området rundt huset hennar. Deretter gjekk ein representant for politiet inn i huset og las ei erklæring om at ho ikkje len ger er underlagt husarrest.

Landdirektør i Flyktninghjelpen, danske Jørn Kristensen, er i Burma. Han sa til NRK tidlegare i dag at politiet hadde vore heime hos Aung San Suu Kyi, og at ho skulle ha signert nokre dokument. Men det var uklart om dette var lauslatingspapira, sa han.

Militærjuntaen i Burma har ifølgje fleire kjelder alt har signert ordren om å setje henne fri frå husarresten. Men spørsmålet er om det vil knyte seg vilkår til lauslatinga, som for eksempel at ho må halde seg borte frå politisk arbeid.

35 år gamle Cho Cho, ei husmor frå Rangoon, var ei av dei rundt 1000 som har venta i området rundt heimen til Aung San Suu Kyi. Ho fortel at det er ei svært spent stemning der.

Mange ventar utanfor heimen til Aung San Suu Kyi

Det blir ropt slagord til støtte for Aung San Suu Kyi utanfor heimen hennar.

Foto: Soe Than WIN / Afp

- Vi ber om at ho blir sett fri. Vi gler oss veldig til det skjer, seier ho tidlegare i dag. Andre ropte slagord og song til støtte for Suu Kyi, som har vore i husarrest i 15 av dei 21 siste åra.

Godtek ikkje vilkår

Aung San Suu Kyi har gjort det klart at ho ikkje kjem til å godta at militærjuntaen nektar henne full fridom.

Burma ligg fem og ein halv time før oss, slik at det no er sein ettermiddag der.

Det har også samla seg mange menneske utanfor hovudkvarteret til Aung San Suu Kyi sitt parti Den nasjonale demokratiligaen.

Det var også mange der i går kveld, men tilhengjarane trekte seg tilbake då klokka gjekk mot midnatt lokal tid.

Tidlegare landdirektør for Burma i Flyktninghjelpen, danske Jørn Kristensen, er i Burma. Han seier til NRK at politiet har vore heime hos Aung San Suu Kyi, og at ho skal ha signert nokre dokument. Men det er uklart om dette er lauslatingspapira, seier han.

Vil ikkje provosere

Tilhengjarane håpar sterkt på at Suu Kyi skal bli sett fri.

Det var ei stille markering utanfor hovudkvarteret til partiet til Aung San Suu Kyi i kveld.

Foto: STR / Afp

Men leiarar i partiet var redde for at det kunne provosere makthavarane om for mange var utanfor partihovudkvareret i natt, så dei bad tilhengjarane om å reise heim

Det var ei stille markering utanfor hovudkvareteret, der folk bar plakatar med bilete av fredsprisvinnaren.

- Vi ynskjer at leiaren vår skal vise oss vegen vidare. eg har ikkje sove på tre netter fordi eg berre har tenkt på kva eg skal seie når ho blir sett fri, sa May Win Myint, som er medlem av Suu Kyis parti, til det franske nyyheitsbyrået AFP.

Må ha ny dom

Advokaten til Aung San Suu Kyi, Nyan Win, seier at styresmaktene må setje henne fri, fordi den noverande dommen om husarrest går ut laurdag. Dei kan ikkje forlengje husarresten utan ein ny dom, seier han.

Demokratitilhengjarane håpar sterkt på at Aung San Suu Kyi skal bli sett fri, men mange fryktar at juntaen skal finne ein grunn til å forlengje husarresten.

Mange samla seg eit stykke frå heimen til Aung San Suu Kyi

Aung San Suu Kyi sine tilhengjarar samla seg i nærleiken av heimen hennar i kveld.

Foto: Soe Zeya Tun / Reuters

LES OGSÅ: Dette er Aung San Suu Kyi

LES OGSÅ: – Juntaen har signert ordren om løslatelse av Aung San Suu Kyi

LES OGSÅ: – Suu Kyi nær ved å bli løslatt

LES OGSÅ: – Tviler på at Suu Kyi vil gå fri

LES OGSÅ: Juntaen beholder kontrollen i Burma

LES OGSÅ: 20.000 drevet på flukt fra Burma

SISTE NYTT

Siste nytt