Hopp til innhold

- Veit ikkje kva dei har gjort henne

Gresk politi seier dei ikkje veit i detalj kva ei rumensk kvinne og seks menn har gjort mot den norske kvinna som skal ha vorte halden fanga i 20 døgn i eit hus på Kreta.

Chania, Kreta

Kvart år reiser 165 000 nordmenn til ferieparadiset Kreta. Nyleg vart ei norsk kvinne (27) bortført og valdteken i Chania, nord på den greske øya.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

– Kvinna har forklart at ho sist blei valdteken 3.november, og at dette skjedde gjentekne gonger før det. Kva meir ho eventuelt har vorte utsett for, veit me ikkje enno, seier politioverbetjent Anastacia Galangi ved Chania-politiet til NRK.

– Ikkje i god form

Den 27 år gamle kvinna var ifølgje VG svært medteken då ho laurdag greidde å rømma frå huset tok kontakt med den norske ambassaden i Athen.

Ho skal ennå ikkje ha gjeve ei utfyllande forklaring til lokalt politi.

– Ho var ikkje i særleg god form då ho kom til oss, seier Galangi.

Politioverbetenten vil ikkje svara på om kvinna skal ha vorte utsett for vald i tillegg til serievaldtekt i dei om lag tre vekene ho vart halden fanga i eit hus i Kournas, utanfor Chania-sentrum.

Kvinne arrestert - menn etterlyste

Politiet har arrestert ei rumensk kvinne på 40 år, mistenkt for å vera involvert i saka. Seks menn er etterlyste, og ein av desse kjenner politiet identiteten til.

– Han er ein 35 år gammal gresk statsborgar. Meir opplysningar kan eg ikkje gje, seier Galangi som viser til at saka er under etterforsking.

Korkje Utanriksdepartementet eller den norske ambassaden i Hellas vil uttala seg om saka.

– Det er gresk politi som går ut med opplysningar om sjølve saka, seier pressevakt Marte Lerberg Kopstad i Utanriksdepartementet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt