Hopp til innhold

- Valdteken dagleg i 20 dagar

Den norske kvinna som skal ha vorte valdteken og innesperra i 20 dagar på den greske øya Kreta, blei utsett for seksuelle overgrep kvar dag før ho til slutt greidde å rømma.

Kreta

Den greske øya Kreta er eit populært feriemål for norske turistar. Samstundes er Hellas versting når det gjeld ferievaldtekter

Foto: Lier, Gunnar / SCANPIX

Den 27 år gamle norske kvinna blei serievaldteken og truga på livet i 20 dagar, skriv det greske nyheitsbyrået ANA.

Ifølgje politioverbetjent Anastacia Galangi ved Chania-politiet skal den norske kvinna ha funne ein nøkkel og greidd å rømma frå huset der ho vart halden fanga. Dette skal ha skjedd laurdag 6.november, då ingen av dei sju mistenkte var tilstades i huset.

Kjenner identiteten

– Kvinna har forklart at ho sist blei valdteken 3.november, og at dette skjedde gjentekne gonger før det. Kva meir ho eventuelt har vorte utsett for, veit me ikkje enno, seier politioverbetjent Anastacia Galangi ved Chania-politiet til NRK.

Ei 40 år gammal rumensk kvinne er arrestert i samband med saka som framstår som ei svært brutal bortførings- og valdtektssak. Seks menn er også etterlyste av politiet i hamnebyen Chania på nordsida av Kreta.

Galangi seier til NRK at politiet kjenner identiteten til ein av sexovergriparane som politiet no jaktar på. Han skal vera ein 35 år gamal gresk statsborgar.

Dei skal førebels ha svært få opplysningar om omstenda kring saka, og det er ennå uklart korleis kvinna kom i kontakt med dei sju personane som tok ho til fange.

– Saka er under etterforsking. Dette er alt me kan sei per i dag, fortel Galangi.

UD informert

Ifølgje VG skal kvinna ha vore svært medteken då ho etter å ha rømt tok kontakt med den norske ambassaden i Athen, som igjen varsla politiet.

Utanriksdepartementet seier til NRK at dei fekk melding om hendinga på laurdag, same dag som den 27-år gamle kvinna skal ha ha flykta frå fangenskapen.

– Eg kan stadfesta at me har vorte informert om hendinga. Konsulatet har vorte involvert. Me fekk melding om saka for første gong på laurdag, og kjenner ikkje til om kvinna har vore sakna før det, seier seier pressevakt Marte Lerberg Kopstad i Utanriksdepartementet.

– Me har vore involverte og bistått i saka, fortel 1. sekretær ved den norske ambassaden i Hellas, Knut Are Okstad.

Både UD og ambassaden viser til lokale styresmakter for ytterlegare opplysningar om hendinga.

Valdtekt-versting

Kvart år reiser om lag 300 000 nordmenn på ferie til Hellas. Ein svært stor del av desse turistane reiser til den greske ferieøya Kreta.

Totalt vert det rapportert kring 25 ferievaldtekter til norske forsikringsselskap årleg, og dei fleste valdtektene skjer i Hellas og i Spania, ifølgje Europeiske reiseforsikring.

Storbritannia slo alarm i 2008, då voldsteksstatistikken for britiske kvinner på ferie i Hellas var rekordhøg. Dei siste åra har britiske styresmakter lansert fleire kampanjar i forsøk på å få ned talet på valdtekter og fyllebråk på den populære ferieplassen.

I juni i år vart ein gresk mann arrestert og sikta for å ha valdteke ei norsk kvinne på den populære greske ferieøya Kreta i Hellas.

NRK.no følgjer saka.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.