Hopp til innhold

Bombe skulle til Berlusconi

Ei brevbombe adressert til den italienske statsministeren Silvio Berlusconi vart oppdaga på Bologna flyplass natt til onsdag.

Pakken med sprengstoffet vart funnen på eit privat kurerfly på veg til Paris, som blei omdirigert til Bologna.

Bomba skal ha gneistra og teke fyr då ekspertar forsøkte å opna pakken, men ingen skal ha vorte skadde. Restane av bomba er tekne med til eit laboratorium for analysering.

Norsk ambassade evakuert

Greece Mail Bomb

Grest antiterror-politi eskorterte tysdag ein av dei som er pågripne, mistenkte for å stå bak bombekampanjen i Athen, til statsadvokaten.

Foto: Petros Giannakouris / Ap

Den eksplosive pakken skal ha vore om lag to kilo tung og var merka med Berlusconi sitt namn og residensen hans Palazzo Chigi-Roma.

Tysdag eksploderte to liknande bomber på ambassadane til Sveits og Russland i den greske hovudstaden Athen.

Fleire andre bomber vart funne på ambassadar i byen. Tysdag ettermiddag vart den norske ambassaden i byen evakuert, etter at eit mistenkjeleg brev blei levert inn til eit konsulat i same bygg.

Det er også oppdaga pakkar med sprengstoff adresserte til den tyske forbundskanslaren Angela Merkel og til den franske presidenten Nicolas Sarkozy.

Kontakta piloten

Det var informasjon om desse hensingane som fekk frakselskapet TNT til å gå grundigare gjennom alle sendingane sine.

Dette førte til at dei blei merksame på pakken til Berlusconi, og kontakta piloten som hadde bomba om bord.

To menn arresterte

Flyet landa i Bologna rundt klokka 23 norsk tid, og vart parkert eit stykke unna terminalen, som då hadde vorte stengd. Bologna flyplass vart opna igjen for trafikk tidleg onsdag etter å ha vorte stengd i fleire timar.

Greske styresmakter arresterte måndag to menn, og har linka bombekampanjen til ei ekstrimistisk gruppe. Som tryggingstiltak er all flyplost til frå Hellas til utlandet stogga i 48 timar.

SISTE NYTT

Siste nytt