Hopp til innhold

Minst 52 drepne i gissel-redning

Minst 52 personar skal ha vorte drepne då irakisk politi storma ei katolske kyrkje i Bagdad, der 120 menneske skal ha vorte haldne som gislar.

Gut sett fri frå gisseldrama i kyrkje

Ein ung gut vert teken hand om av irakiske sikkerheitsstyrkar etter gisseldramaet i ei kyrkje i Bagdad. Fleire gislar blei drepne i redningsaksjonen.

Foto: KHALIL AL-MURSHIDI / Afp

Fire væpna menn tok i ettermiddag fleire titals gislar inne i ei kyrkje i Bagdad. Angriparane detonerte to bilbomber og drap to sikkerheitsvakter utanfor børsen, før dei tok seg inn i kyrkja og eksploderte fleire granatar.

Irakisk politi storma søndag kveld den katolske kyrkja. Ifølgje ein talsmann for det amerikanske forsvaret detonerte tre opprørarar sjølvmordsbomber då politiet tok seg inn i kyrkja.

Reuters melder at 52 personar, inkludert irakiske politifolk og opprørarar skal ha vorte drepne i redningsaksjonen søndag kveld.

Ifølgje Reuters skal det ha vore så mange som 120 kyrkjegjengarar tilstade i kyrkja då opprørarane angreip. Minst 20 personar skal også ha vorte såra i aksjonen.

Dødstalet er ennå ikkje stadfesta av irakiske styresmakter.

– Operasjonen er fullført og me har frigjort alle gislane, opplyste brigadegeneral Ali Ibrahim i det irakiske politiet tidlegare søndag, utan å informera om tap av menneskeliv.

120 tekne gislar

Først skaut og drap mennene to sikkerheitsvaktar då dei forsøkte å koma seg fram til børsbygningen i den irakiske hovudstaden, melder CNN.

Ifølgje BBC var rundt 120 menneske tekne som gislar inne i ei katolsk kyrkje i sentrum av hovudstaden. Blant gislane, skal det også ha vore to prestar.

NTB melder at 19 nonner fekk forlate kyrkja før kyrkja vart storma av politistyrkane.

Irakiske tryggingsstyrkar sperra av området rundt kyrkja Sayidat al-Nejat.

Krev frigjering av fangar

Katolsk kirke i Bagdad, Irak

Den katolske kyrkja i Bagdad der om lag 40 menneske vert haldne gislar av væpna menn (arkivfoto).

Foto: SABAH ARAR / Afp

Dei har ikkje oversikt over kor mange menneske som var inne i kyrkja. Minst 13 gislar, inkludert to born, greidde å flykta frå gisseltakarane på eiga hand, seier politiet til CNN.

Gisseltakarane kravde at den irakiske regjeringa set fri fleire Al Qaida-medlemmer som sit fengsla i Irak, mot at dei kristne gislane vart sleppte fri.

Angreip børsen

Dei væpna mennene tok gislane til fange etter å ha angripe børsen i Bagdad sentrum. Fire menn skal ha teke seg inn i kyrkja i nærleiken av børsbygningen etter ei skotveksling med irakiske tryggingsstyrkar.

To vaktar vart drepne og fire andre er skadde. Angriparane skal også ha detonert to fjernkontrollerte bilbomber utanfor børsen.

Irakiske styresmakter gav angriparane ordre om å setja gislane fri og overgje seg, men sendte inn politistyrkar då mennene ikkje lystra.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt