Hopp til innhold

Bombetrugsel mot Gøteborg sentrum

Det er retta ein bombetrugsel mot den svenske byen Gøteborg. Politiet veit korkje kva tid eller kvar den eventuelle bomba skal gå av.

Gøteborg, Sverige

Gøteborg er den nest største byen i Sverige, etter Stockholm, med ein halv million innbyggjarar.

Foto: ADAM IHSE / SCANPIX / Ap

Svensk politi gjekk ut med informasjonen om trugsmålet i 16-tida fredag. Trugselen gjeld morgondagen, og politiet arbeider no intensivt for å henta inn fleire opplysningar om den eventuelle hendinga.

Ifølgje svenske Aftonbladet er også det svenske sikkerheitspolitiet, Säpo, kopla inn i saka.

– Truverdig kjelde

– Me fekk inn opplysningar i byrjinga av veka om at nokon hadde planar om å detonera ei bombe i Gøteborg sentrum, seier kommandosjef i Gøteborg-politiet, Carina Persson til avisa.

Ifølgje Persson var det ikkje personen sjølv som kom med trugsmålet.

– Me fekk kjennskap til saka på andre måtar. Årsaka til at me ikkje kan utelukka risiko er at me bedømmer kjelda som truverdig, fortel kommandosjefen til Sveriges Radio.

– Kan skapa uro

Svensk politi seier at trugselen framstår som uklar, men at dei ikkje kan utelukke at det ligg alvor bak.

I ein pressemelding skriv dei at dei førebels har for knapt med opplysningar til at dei kan setja i gong ei større avsperring i sentrum.

– Me er klare over at folk kan verta urolege når me har såpass lite informasjon å gje, men tykkjer likevel det er viktig å gå ut med dei opplysningane me sit på, seier Persson.

På spørsmål om ein bør unngå å besøka sentrale delar av Gøteborg laurdag, seier kommandosjefen at det er noko folk må ta stilling til individuelt.

Trappar opp sikkerheita

Om politiet i løpet av fredags kveld ikkje kan avkrefta trugselfaren, vil dei auka bemanninga i sentrum, både med uniformerte og sivilkledde politibetentar.

I Gøteborg sentrum ligg blant anna togstasjonen, busstasjonen og Nordstan, eit av dei største kjøpesentra i Sverige, tett i tett. I pressemeldinga skriv politiet at dei er spesielt uroa for Nordstan, som har om lag 70 000 besøkande kvar dag.

Marknadsdirektøren for kjøpesenteret, Anders larsson, seier til Göteborgs-Posten at dei aukar beredskapen, men held ope som vanleg på laurdagen.

– Leiinga og vaktsentralen i Nordstan er varsla. Dei held løpande kontakt med politiet, seier han.

Normal togtrafikk

NSB har to togavgangar til Gøteborg laurdag. Presseansvarleg Erik Lødding seier regiontoga førebels vil gå som normalt.

– Me har ikkje vorte kontakta av svenske styresmakter i samband med bombetrugselen. Dersom det skjer må me vurdera kva konsekvensar trugsmålet eventuelt vil få for togtrafikken mellom Oslo og Gøteborg

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt