Hopp til innhold

Valfartar til åstad for bestialsk drap

Ei 15 år gammal jente vart valdteken og drepen, truleg av ein eigen onkel på garden hans. No reiser folk dit i hundrevis for å bli fotograferte ved brønnen der liket vart dumpa.

Fleire tusen menneske deltok i gravferda til den 15 år gamle jenta.

Fleire tusen menneske fylgde Sara Scazzi til grava i

Foto: Donato Fasano / Ap

Onkelen vart stadig vekk intervjua på fjernsyn om saka.

Onkelen, som no er pågripen for drapet, vart stadig vekk intervjua om saka.

Foto: Donato Fasano / Ap

Avisa Repubblica skriv om den usmakelege trafikken i dag, og ein kommentator kallar det heile for eit skrekkens teater. I går måtte politiet gripe inn for å organisere den lange køen av bilar på veg til garden.

Kjem i finstasen

- Dei kjem til brønnen i sine finaste klede for å bli fotograferte. Dei er skitne på føtene etter først å ha vitja gravstaden, og deretter til brønnen der liket av den 15 år gamle jenta vart dumpa, skriv kommentatoren Cesare Martinetti i Repubblica.

Han var vitne til den absurde aktiviteten ved gardsbruket i landsbyen Avetrana i det sørvestlege Italia søndag, og han likte dårleg det han såg.

Men valfarten til åstaden for det bestialske drapet har si forklaring. Inga anna drapssak har truleg fått slik dekning på italiensk fjernsyn som denne. Særleg i fjernsynsstasjonane til statsminister Silvio Berlusconi fekk saka enorm merksemd.

Fleire millionar menneske fylgde dei daglege sendingane på dei ulike fjernsynsstasjonane der den sakna jenta var hovudsak.

Sakna i fleire veker

15 år gamle Sarah Scazzi var sakna i fleire veker før ho vart funnen i ein brønn på den fattigslege garden til onkelen Michele Misseri.

Både fjerne og nære slektningar av den sakna jenta deltok dagleg i ulike fjernsynsprogram, der dei kommenterte villig vekk på det som vart presentert av spor og til dels ville rykte.

Onkelen, som no er tiltalt for å ha valdteke og drepe den 15 år gamle niesa si, var ein av dei ivrigaste til å stå fram på fjernsyn for å kommentere og fortelje kva han trudde hadde skjedd med Sara Scazzi.

Men det var på statskanalen RAI 3 at saka nådde sitt mediamessige høgdepunkt. Under ei direktesending , der ho sjølv var med i sendinga, fekk mora til jenta vite at hennar eigen svoger var pågripen og sikta for å stå bak drapet.

Mora fekk vite under ei direktesending på RAI 3 at dottera var drepen.

Frå den dramatiske direktesedninga på RAI 3 der mora fekk vite at den 15 år gamle dottera var funnen drepen, og at broren til mora var arrestert for drapet.

Foto: VINCENZO PINTO / Afp

Hard kritikk

Mora fekk denne meldinga medan ho sat i studio under direktesendinga, ei sending som hadde 3,5 millionar sjåarar.

- Vi har nettopp fått inn ei melding om dottera di er funnen død og at svogeren din er pågripen for drapet.

Dette vekte sterke reaksjonar i Italia, og det har kome fram mykje kritikk av korleis dei ulike fjernsynskanalane har dekt drapet. Mange av dei som såg direktesendinga har fortalt at dei reagerte med sjokk og vantru.

Og saka har blitt berre verre og verre. No har den 22 år gamle dottera til Michele Misseri blitt trekt inn i saka. Faren skal i avhøyr ha sagt at dottera var delaktig i drapet på syskjenbarnet Sara Scazzi.

Venene hennar har dei siste dagane stått fram på fjernsyn ein etter ein og forsikra om at ho er uskuldig.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt