Hopp til innhold

Minst 40 NATO-tankbilar i brann

Minst 40 tankbilar som fraktar drivstoff til NATO-styrken i Afghanistan, vart angripne og påtende av opprørarar to ulike stader i Pakistan i dag.

Tankbilar i brann i Pakistan.

Rundt 40 NATO-tankbilar er sette fyr på av Taliban i Pakistan i dag. Dette biletet er frå angrepet nær byen Quetta.

Foto: STR/PAKISTAN / Reuters

Det første angrepet skjedde i dag tidleg ikkje langt frå den sørvestlege byen Quetta. Det andre angrepet, som skjedde i kveld norsk tid, fann stad i den nordvestlege delen av Pakistan, ikkje langt frå grensa til Afghanistan.

Pakistan

Rundt 90 NATO-tankbilar er påtende i Pakistan i løpet av den siste veka.

Foto: Arshad Butt / Ap

- Det er rundt 20 tankbilar. Det brenn framleis, det er ikkje mogleg å kome i nærleiken av bilane, seier Ali Anan Quamar frå dei lokale styresmaktene i den nordvestlege byen Nowshera på telefonen til nyheitsyrået Reuters.

LES OGSÅ: Nye angrep mot NATO-lastebiler

LES OGSÅ: Tankbiler påtent i Pakistan

Han kan ikkje seie noko om drepne eller såra. I angrepet nær Quetta tidlegare i dag vart det først skote mot tankbilane, før angriparane sette fyr på bilane. Ein av sjåførane vart drepen.

Det er uklart om det vart skote mot tankbilane i angrepet i kveld. Den siste veka er fem menneske drepne og over 90 NATO-tankbilar påtende i liknande angrep.

Den pakistanske delen av Taliban har teke på seg skulda for begge angrepa i dag, og seier dei skjer som hemn for amerikanske droneangrep.

LES OGSÅ: Droner drepte 18 militante

LES OGSÅ: 30 NATO-tankbiler opp i flammer

Dette skjer same dagen som USA gjekk ut med ei offisiell orsaking for eit amerikansk angrep 30. september i går, der to pakistanske soldatar vart drepne. Dette angrepet vekte sterke reaksjonar i Pakistan, og landet stengde ei av dei viktigaste forsyningsrutene for NATO mellom Pakistan og Afghanistan.

Transportrutene frå Pakistan og inn i Afghanistan er livsviktige for å få fram forsyningar til NATO-styrken. Derfor er desse transportane også prioriterte mål for Taliban og andre opprørsgrupper.

LES OGSÅ: Pakistan blokkerer NATO-forsyninger til Afghanistan

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt